To lag i fylket samarbeider om å vere vertskap for jubileumsfestivalen i Gaupne: Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken spelemannslag. Begge laga har god erfaring som arrangørlag, og festivalnemnda er godt i gang med arbeidet fram mot festivalen som føregår 3.-7. august neste år. Likevel er dei heilt avhengige av at folkemusikk- og gammaldansmiljøet i fylket stør opp om arrangementet.
 
-  Den aller første festivalen vart arrangert i Førde i 1986, og i jubileumsåret er den tilbake i same fylket. Det er verkeleg stas, og vi må gjere det vi kan for å setje vårt preg på festivalen. Vere eit godt vertskap og formidle dei levande tradisjonane vi har, seier Bjørset.  
 
Tevlingsleiar Oda Bolstad peikar på at tevlingane på Landsfestivalen er like mykje eit utstillingsvindu som ein konkurranse.  
 
- Sjølv om vi skal kåre vinnarar, så er det også veldig viktig at vi får vist fram det store mangfaldet av musikk- og dansetradisjonar. På landsfestivalen kjem det både lokale og tilreisande, og betre arena for å vise fram det vi forvaltar skal vi leite lenge etter, slår Bolstad fast.  
 
Landsfestivalen er eit stort arrangement, og det trengs mange hundre hender og hovud for å dra det heile i land. Åslaug Timenes Bell har ansvaret for å koordinere frivilligarbeidet, og vil at du alt no melder deg til teneste. 
 
- Vi veit kor vi skal nå deg. Om du registrerer deg som frivillig i nettskjemaet på heimesida, så slepp vi ekstraarbeidet med å ringe deg, seier Bell med eit lurt smil om munnen. 
 
Blir du med? Meir informasjon finn du på landsfestivalen si heimeside: www.landsfestivalen.no 
 
 
Lurer du på kva du kan og skal delta i? 
Tevlingsgreiner musikk: 
Solo – 2 valfrie slåttar i kvalifisering, 5  valfrie slåttar i finale 
Gruppespel - 2 valfrie slåttar i kvalifisering, 5 valfrie slåttar i finale 
Lagspel - 2 valfrie slåttar i kvalifisering, 5 valfrie slåttar i finale 
 
Tevlingsgreiner dans: 
Pardans – 4 dansar (vals, reinlender, polka/hamborgar, masurka/pols) 
Lagdans – 1 dans, laget vel sjølv dansetype