Naustedalen Spelemannslag feirar at det er 50 år sidan laget
gav ut LP-plata ”Slåttar frå Sunnfjord” og at laget var 70 år i fjor. Dette gjer dei med å gje ut ei ny CD-plate i år med namnet ”Slåttar frå Sunnfjord II”.

Den nye CD-plata blir gitt ut på selskapet Aksent slik som i 1975. I dag er selskapet eigd av den landskjende trekkspelaren Håvard Svendsrud, som kjem til jubileumsfesten for å vere med på platesleppet og delta i underhaldninga. Av anna underhaldning kan nemnast Angedalsrevyen med innslag frå årets revy og unge folkedansarar frå Viksdalen mm.

Laget inviterar til dobbelt jubileum i Fosshalla i Naustdal laurdag 22 november kl 19.00.