Elin Grytting; dansar, kvedar og felespelar frå Sandane studerte Jostedalsspringaren slik Andreas Bjørk dansa den då ho tok studiet i folkedans ved Rådet for folkemusikk og folkedans. Ho kjem til Jostedal hotell denne kvelden og fortel om dette.
 
Håkon Høgemo, ein av dei beste på hardingfele i landet er godt kjent med, og fører vidare speltradisjon frå Jostedalen. Han spelar og fortel om speltradisjonar i Jostedalen og spesielt springarspelet.
 
Jostedalen har framleis sin eigen springar i ubroten tradisjon, det er noko me kan vere svært stolte av. Det er mange som har æra for det, men Anders Bjørk (stor Anders) har vore blant dei mest sentrale. Han sette saman Jostedalsspringaren slik me dansar han i dag.
 
Denne kvelden får me høyre og sjå ei litt eldre form av Jostedalsspringaren, slik Andreas Bjørk dansa den.
 
Etter programmet blir det DANS til musikk av Jostedal spelemannslag.
 
Tidlegare på dagen, kl. 16., vert det nybyrjarkurs med Arne Fossøy, Elin Grytting og spelemann Kjell Einar Ormberg.
Send ein mld til Oddbjørg, tlf 41460468 om du vil delta.
Kurset er gratis og varer ca 1 time.
 
Alle er hjarteleg velkomne!