logo_560x236

Askvoll 13.-14. oktober

Invitasjon til Vestlandskappleiken 2017

Vestlandskappleiken 2017 inviterer folkemusikkvener frå heile Vestlandet til Askvoll i oktober

Gode folkemusikkvener på heile Vestlandet,

13. og 14. oktober går Vestlandskappleiken 2017 av stabelen i Askvoll. Folkemusikklaget Havbrusen og Gaular Spelemannslag står bak arrangementet, og ynskjer både kortreiste og langvegsfarande hjarteleg velkomne. Vedlagt ligg invitasjon med info om både tevlingar og anna. - Håpar de vil hjelpe oss med å spreie ordet og invitasjonen over heile Vestlandet og vel så det! 

Påmeldinga til kappleiken er no opna, og fristen for å melde seg på er 25.september. Meld dykk på her: www.tevling.folkorg.no
Sjå gjerne innom nettsida vår www.vestlandskappleiken.no, der legg vi ut informasjon etter kvart som kappleiken nærmar seg.

Håpar å treffe dykk i Askvoll i oktober!

For hovudnemnda
Åslaug Timenes Bell, tevlingsleiar
| Mer++