Sogn og Fjordane Folkemusikklag skal skipe til seminar for instruktørar i folkemusikk. Målgruppe er alle som driv opplærings- og undervisingsverksemd innan musikk og dans, men seminaret vil vere særskilt retta mot instruktørar innan folkemusikksjangeren. Seminaret er meint som ei ”vitamininnsprøyting” , inspirasjon og fagleg påfyll for instruktørane, og er ope for alle som ønskjer å delta.

Påmelding til post (@) folkemusikklaget.no snarast og innan 9. september.

Last ned faldar her.

Program, instruktørseminaret 2011

DEL I: Innleiingar

Innleiarar på seminaret er folkedansaren Martin Myhr og folkemusikaren Sigmund Eikås. Dei vil fortelje om si verksemd som instruktørar, og nokre stikkord for innleiingane deira vil vere: Kva er målet med opplæringa, og kva lærer vi bort? Kan instruksjonsarbeidet vere med på å utvikle instruktøren som utøvar og musikar/dansar, og korleis? Korleis kan vi formidle vår musikalske idé og filosofi? Kva er ”trylleingrediensen” som gjer at ein lukkast? • Kven ønskjer vi å skape? Den danse-/musikkglade, eller einaren som gjer suksess?

DEL II: Introduksjonar

INTRO Suzuki-metoden v/ Britta Skärby-Vindenes Suzuki-metoden vert også kalla morsmålsmetoden, og tek utgangspunkt at metoden for å lære musikk er den same som for språk – via øyret. Suzuki-metoden har mange fellesnemnarar med det som ofte er metoden ved tradisjonell opplæring i folkemusikk.

INTRO Teknologiske hjelpemiddel og programvare v/ Synnøve S. Bjørset På marknaden fins det ei rekkje teknologiske hjelpemiddel og programvare som kan vere med på gjere kvardagen til instruktørane lettare. Men korleis finne fram i mylderet av ”duppedingsar”, kva programvare er tilgjengeleg – og korleis fungerer det eigentleg?

DEL III: Miniverkstader

a) Suzuki for strykarar v/ Britta Skärby-Vindenes

b) Musikkleikar og rymteøvingar v/ Synnøve S. Bjørset

c) Melodiverkstad v/ Sigmund Eikås

 

Det vil bli lagt til rette for plenumsdebatt og erfaringsutveksling for alle seminardeltakarane.

 

Om innleiarane:

Martin Myhr

Dansar og dansepedagog Martin Myhr er ein kapasitet utanom det vanlege. Og han har lukkast med det andre tykkjer er vanskeleg og utfordrande: danserekruttering og eit levande dansemiljø. Dei siste 30 åra har han vore mellom dei alle fremste hallingdansarane i landet, og har gjennomført over 3 000 framsyningar der han i tillegg til å vere dansar ofte har vore idémakar, initiativtakar, manusforfattar og instruktør. I Hallingdal har Martin sett i gang eit imponerande prosjekt. Nærmare 100 born og unge dansar laus og springar som det mest naturlege i heile verda. Og dei arrangerer dansefestar av den gode gamle sorten. Det er håp for dansen i Hallingdal – og det er kanskje takka vere Martins metode?

Sigmund Eikås

Sigmund Eikås er ein nestor innan rekruttering, og har vore ein tålmodig, inkluderande og engasjerande instruktør i heile 37 år! Fleire av elevane hans er i dag mellom dei fremste utøvarane i landet på sitt instrument, og han har klart å skape eit stort og aktivt folkemusikkmiljø rundt seg. Sigmund er fødd og oppvaksen på Jølster i Sunnfjord, og hans sitt sikre fotfeste i folkemusikken gjer han til ein engasjert og entusiastisk utøvar og formidlar slåttemusikken, både som instruktør og i konsertsalen. I 1994 gav han ut soloplata Jølstring med slåttar frå Sunnfjord, og same året fekk han Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris. I 2001 fekk han fylkeskulturprisen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Britta Skärby-Vindenes

Britta Skärby-Vindenes er fiolinist og utdanna suzuki-pedagog. Ho arbeider ved Kultur- skulen i Bergen og underviser i metodikk og praksis ved Griegakademiet. Som utøvande musikar har ho turnert for Rikskonsertene, vore musikar på Hordaland teater og Den nasjonale scene, spelt i Bergen Operaorkester, Collegium musicum, Bergen Kammerorkester, Norsk Barokkorekster, Bergen Barokk og Les Femmes.

Synnøve S. Bjørset

Synnøve S. Bjørset er utdanna hardingfelespelar frå Norges Musikkhøgskole og kan vise til utstrakt turnéverksemd i inn- og utland både som solist og som medverkande i Majorstuen og andre kritikarroste ensemble. I tillegg til å vere utøvar, driv ho hardingfele- instruksjon på fleire nivå.