Innbyding til

Sogn og Fjordane-kappleiken 2020

 

Dalsfjorden spelemannslag arrangerer Sogn og Fjordane-kappleiken 2020 (tidlegare kalla Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane) og byr, saman med Sogn og Fjordane folkemusikklag,

inn til kappleik i

Fjaler ungdomsskule  27. og 28. mars 2020

Påmeldingsfrist til Sogn og Fjordane-kappleiken:  20. mars 2020

 

            Smørbukk-kappleiken

for dei yngste utøvarane er lagt inn som ein del av programmet

28. mars 2020 kl. 13.00

Vi ber om førehandspåmelding til Liv Ulvik: E-post: liv.ulvik@gmail.com / tlf.: 95839015  Registrering /etterpåmelding fram til kl. 12.00 same dag (møt i god tid!)

Kappleiksarena

Vi legg opp til å samle heile kappleiksarrangementet på Fjaler ungdomsskule.  Både kappleikskontor, matsal, øvingsrom, tevlingsarena, dansearena og diverse konsertinnslag vert i same bygningen.

 

Opning / konsert

Ordførar Kjetil Felde opnar kappleiken. Rett i etterkant vert det ein konsert med lokale utøvarar der vi set fokus på arrangørlaget, lokale musikk-skaparar, lokale musikkutøvarar i alle aldrar, lokale songarar og lokale danseformer som parhalling frå Dalsfjorden.

 

Andre konsertinnslag

Liv Ulvik er ein merittert songar som har turnert verda rundt med norsk tradisjonssong.  Ho bur i Lærdal og er nyleg tilsett som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag. Vi har eit sterkt ynskje om å både høyre ho synge og presentere henne for folket i vårt distrikt.

 

Tevlingsreglar

Sogn og Fjordane-kappleiken følgjer Folkorg sitt reglement med desse avvika:

  • Fele og hardingfele er samla i same klasse.
  • I lagdans junior er det berre krav om minimum 3 par.
  • I pardans runddans junior vert det tevla berre i reinlendar.
  • NB! Legg merke til at ein no nyttar Folkorg sitt regelverk i pardans runddans senior med alle fire danseartene.

 

Premiering

Premiering etter Folkorg sine reglar. Det vil seie premie til dei tre beste i kvar klasse og i tillegg deltakarpremie til alle i juniorklassane. Vandrepremie i spel fele/hardingfele, dans og vokal.

 

Påmelding

Påmelding på nett:  http://tevling.folkorg.no/ .

Deltakaravgift betalast samtidig.  Har du vanskar med påmeldinga så kontakt Olav Vårdal på tlf.: 958 80 931 eller e-post:  olav.vaardal@gmail.com .         Hugs påmeldingsfristen: 20.3.2020.

 

Gjestar

Gjestar er hjarteleg velkomne til å delta. Vi legg opp til at dei deltek i dei vanlege klassane.

 

Deltakaravgift

Ein sats for første gong deltakarnamnet vert påmeldt og ein redusert sats for kvar tilleggspåmelding for same namnet.  Det er same satsane om ein deltek i solo, par eller lag.

  • Senior (sr.):          Kr 200,- for første.             Kr 100,- for kvar ekstra påmelding.
  • Junior (jr.):           Kr 100,-      «                      Kr   50,-                     «

Billettprisar

Alle opp til 10. klasse:                                            Gratis

Fredag med konsert og dans:                                Kr  200,-

Laurdag på dagtid:                                                 Kr  100,-

Laurdag kveld:                                                       Kr  200,-

Gjennomgangsbillett (dekker alt):                         Kr  400.-

 

 

Betaling under kappleiken

NB!  Under kappleiken legg vi opp til at all betaling (avgift, mat m.m.) skjer enten kontant eller med vipps.

 

Overnatting

  • Hotellkapasiteten i Dale er relativ avgrensa og alt her er reservert av kappleiksarrangøren
  • UWC Connect, N-6968 Flekke

e-post: connect@uwcrcn.no        tel.: 57 73 70 21

Enkeltrom:            kr 600,-

Dobbeltrom:          kr 950,-

Familierom (inntil 4 stk. på rommet):  kr 1250,- (kr 250,- pr. person utover 4 personar).  Har rom som tek inntil 8 personar.

                  Måltid: 

  • Frukost kr 100,-  (kl. 08.00-09.00)
  • Lunsj     kr 125,-  (kl. 11.00-13.00)
  • Middag kr 150,-  (kl. 17.30-19.00)

NB! Tinging av rom og mat må vere gjort innan 1. mars 2020

UWC Connect ligg på Hauglandsenteret i Flekke – vel 1 mil frå Dale

  • Askvoll Fjordhotell (booking på nett)

Askvoll Fjordhotell ligg 22 km vest for Dale på nordsida av fjorden

  • Privat innkvartering

Dersom det viser seg at det i tillegg er trong for fleire overnattingsplassar vert det lagt til rette for privat innkvartering. (Kontakt: Aina Kostøl: ainamarie66@gmail.com / tlf.: 90014844)

 

Program (førebels)

Fredag 27. mars

Kl.  18.00.:             Kappleikskontoret opnar for billettsal og registrering

Kl.  19.30.:             Opning v/ordførar Kjetil Felde. og  konsert av lokale utøvarar.

Kl.  21.00.:             Tevling i runddans.  (Alle speltevlingane går til dansande publikum.)

                                     Solo fele / hardingfele jr./sr.

                                     Solo durspel jr./sr.

                                     Solo andre instrument jr./sr.

                                     Lagspel trekkspel/durspel.

                                     Gruppespel runddans (gammaldansgrupper).

Pardans runddans (4 dansar for sr. og berre reinlendar for jr.).

Lagdans runddans (ein dans valfritt).

Finale pardans runddans.

Kl.  24.00.:         Premieutdeling og deretter slutt for kvelden.

 

Laurdag 28. mars

                  Kl.  09.00.:            Kappleikskontoret opnar for billettsal og registrering.

                  Kl.  11.00.:            Tevling:

                                                      Spel fele / hardingfele kl. C og B.

                                                      Dans kl. C og B.

                  Kl. 13.00.:       Smørbukk-kappleiken.  (For born under 12 år)

                  Kl. 15.30.:             Tevling startar oppatt:

  • Vokal kl. C, B, D og A.
  • Eldre folkeinstrument.
  • Durspel bygdedans solo.
  • Open klasse
  • Samspel jr.
  • Gruppespel fele / hardingfele
  • Dans kl. D og A.
  • Lausdans
  • Lagdans jr. og sr.
  • Spel fele / hardingfele kl. D og A
  • Lagspel fele / hardingfele sr.

Premieutdeling for dei yngste

Kl. 20.00.:             Lagspel runddans.  Dansande publikum.  Kvart lag spelar 4 slåttar, og 2 av desse er teljande.  Ein bygdedans eller helst to vert organisert mellom kvart lag.

Kl.24.00.:              Premieutdeling og avslutning.

 

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

 

Med beste helsing

Peter Kåre Igelkjøn                                                                   Knut David Hustveit

Leiar i Dalsfjorden spelemannslag                     Leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag

 

 

Kontaktpersonar for Sogn og Fjordane-kappleiken 2020:

Peter Kåre Igelkjøn:  Leiar i Dalsfjorden spelemannslag:  Tlf.:977 51 063, e-post: peterkareigelkjon@yahoo.no

Knut David Hustveit: For kappleiksnemnda: Tlf.: 915 72 217, e-post: khustveit@gmail.com