Onsdag 18. juni 15.00 blir det konsert på husmansplassen Galdane i Lærdal kommune. Galdane ligg i fjellsida eit stykke opp frå gamle Kongevegen. Konserten lar seg inspirere av dei mange naturfenomena og mytene i området. For å kome seg til konserten i Galdane må ein pårekne ein gåtur på omlag 2 km kvar veg, ved start frå Sjurhaugen. Berekne difor god tid for å kome deg til konsertstart, og la vandringa bli ein del av konsertopplevinga. Les meir om turen til Galdane her:
Billettar kjøpast her: https://sivertholmen.ticketco.events/…/i_kroesshaugens…
I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) vart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans. Krøsshaugen var heilt sentral i utviklinga av den særeigne musikken lydarlæte, lyttemusikk, i ei tid kor hardingfelespelet elles berre var i bruk til dans eller seremoni. Gjennom sju dagar går Sivert dei 110 km frå Kvamskleiva i Vang i Valdres langs Kongevegen over Filefjell og til Lærdalsøyri. Turen blir fylt med felelæte og livsfilosofering. Undervegs vil det også dukke opp forskjellige gjesteartistar. Kva kan vi lære av spelemennene som levde, reiste og jobba for to hundreår sidan? Korleis vil vi leve liva våre? Kva kan vi lytte oss fram til på vandring
Prosjektet er støtta av Norsk kulturfond, kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere.