Heimelaget, spelemannslaget for heile Sogn og Fjordane, nærmar seg no slutten på sitt andre år som spelemannslag. I fjor vart spelemannlaget oppretta som eit tiltak for å samle spelemenn og spelekvinner eit stort hardingfelelag som skulle delta på Landsfestivalen i Førde. Målet var trivsel, motivasjon, interessedyrking, meistring, miljøskaping og auka aktivitet i folkemusikkmiljøet. Eit sidemål var sjølvsagt å slå austlendingane i tevlinga på Landsfestivalen. Faktisk kom laget på 8. plass av 23 på lagspeltevlinga, noko vi er svært nøgde med. Prosjektet slo så godt an at folkemusikklaget ville vidareføre prosjektet til året etter.
I år var Landsfestivalen på Vestnes målet og Heimelaget førebudde seg til det med tre kjekke øvingar på Jølster samfunnshus på Skei på sommaren, leia av Vidar Underseth. Han lærte vekk heile 9 slåttar i fjor, og vart "Reinlender etter Alf Åsnes" og "Springpolka etter Inge Takle" lagt til i repertoaret.
Det hadde vore naturleg å kalle laget for Bortelaget på årets Landsfestival, men namnet Heimelaget satt så godt at det vart med det. Heimelaget fekk ei god oppvarming ved å spele til dans kvelden før tevlinga som var fredag 2. august. Det var god trøkk i laget både under dansespelinga og tevlinga. 19 stykker deltok i laget pluss to "rekruttar". Laget kom på ein 17. plass av 24 denne gongen.
Vel to månader seinare stilte Heimelaget opp att til dansespeling på i høve Vestlandskappleiken 5. oktober på Skei. Det var òg ein kjekk speling, og dansegolvet var tettpakka med danseglade folk over midnatt på Thon Hotel Jølster.
Vi vil takke alle som var med i Heimelaget i år òg, både på øvingane, Landsfestivalen og Vestlandskappleiken. Vi vil rette ein særleg takk til Vidar Underseth, som har losa laget gjennom øvingar og spelingar, og lært vekk slåttar frå heile Sogn og Fjordane. Vidar held ikkje lenger fram som musikalsk leiar for Heimelaget, men vi vil påstå at det ikkje kunne vore ein betre kandidat til jobben som musikalsk leiar for eit slikt distriktslag, på grunn av sin kunnskap om slåttar frå heile Sogn og Fjordane etter mange år som fylkesmusikar.
Ynskjer du tilgong til slåttane vi speler i Heimelaget, er det berre å sende ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no.