Ramstad vart takka av av assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, i Storehagen Atrium i Førde 20. desember.

– Når du no gir deg som yrkesaktiv, kan du sjå tilbake på eit rikt musikarliv. Du skal vite at det du har bidrege med, har gjort ein skilnad. Du har gleda mange med lystig spel. Mange har fått viktig lærdom av innsatsen din. Og stoffet ditt vert teke vare på Fylkesarkivet. Det er bra. Takk for innsatsen gjennom alle desse åra, sa Erikstad.

Allsidig karriere

Ramstad vart tilsett i eit prøveprosjekt i 1989, saman med musikarane Olav Tveitane, Sigmund Eikås, Arne Sølvberg, Elin Grytting og John Oddvar Kandal. Sidan 1993 har han vore fast tilsett som fylkesmusikar. Når han no gir seg, er det på grunn av at aldersgrensa på 70 år er nådd, og han går over i pensjonistane sine rekker. 

– Det kjekkaste har vore alle folka eg har møtt på mi ferd gjennom heile fylket, seier Oddbjørn Ramstad. – Og eg vil trekke fram alle barnehage- og skulebesøka. Det er alltid gjevande å møte born og unge med musikken og trekkspelet, og sjå ekte og strålande musikkglede, seier Ramstad, som er blitt godt kjent med fylket gjennom jobben.

– Eg hugsar og svært godt turneane med teaterbåten Innvik og med bokbåten, og gode møte med publikum langs kysten og i fjordane, seier han, og avslutta med å takke fylkesmusikarkollegaene for godt samarbeid gjennom mange år. 

Ramstad har stått for opplæringa av mange unge trekkspel- og toradartalent, dirigert songkor og vore med på mange produksjonar til skular, barnehagar og sjukeheimar. Han har også vore aktiv deltakar på mange andre arrangement, som konsertar, festivalar, turnear i inn- og utland. Han har komponert og fremja gamaldanssjangeren, vore med i teateroppsetjingar og vore ein solid formidlar.

– Mange spilloppar har det vel også vore opp gjennom åra. Siste halvanna året har du vore tilknytt Fylkesarkivet delar av arbeidstida. Vi var vel litt spente begge to på korleis dette skulle gå, men eg trur eg skal slå fast at det har vore til glede og nytte både for deg og for Fylkesarkivet, konkluderte Ingebjørg Erikstad.

(Saka er henta frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune si heimeside, sfj.no)