Førde:
Velkomen til markering av folkemusikkens og folkedansens dag på scena Elvetorget frå kl. 18.
Både Indre sunnfjord spelemannslag og Naustedalen spelemannslag spelar opp - og inviterer alle ti lå svinge seg i dansen!
Folkemusikkens og folkedansens dag er eit ledd i markeringa av frivilligheitsåret 2022.
I forkant av denne dagen har distrikstmusikarane i folkemusikk, Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug, hatt folkedansopplæring på fleire skular i kommunen.
Og kanskje blir det høve til å lære nokre dansesteg også på Elvetorget!
 
Sogn folkemuseum:
Velkomen til mini-konsert i høve Folkemusikkens og folkedansens dag!
2022 er Frivilligheitens år, og me markerer Vår dag, "Folkemusikkens og folkedansens dag", med mini-konsert.
Det vert spel av spelemannslaget i Sogn spel- og dansarlag med gjester frå mellom anna London hardingfelelag, og moglegheit for å kjøpa kaffi og lappar.
Tid: 16. juni kl. 19.00
Stad: De Heibergske samlinger, Sogn folkemuseum
Gratis inngang
 
I Stryn markerar dei dagen på laurdag 18. juni:
Laurdag 18.juni held Spelemannslaget Fjelljom ein halvtimes gratis konsert inne på Stryn Torg (Amfi) kl 1500.
Dansarar frå laget vert og med, og det er høve for publikum å svinge seg.
Vi gjer dette fordi Folkemusikken og folkedansen sin dag i år er lagt til torsdag denne veka, men vi tykte det passa betre for oss å lage ei markering på laurdag.