Til denne framsyninga har Marianne Clementine Håheim skrive nye, biografiske og poetiske forteljingar om Ola og Ivar Kjellstad, Gabriel Reed og Moses Paulen.
I den stemningsfulle røykstova i vakre Liatunet i Innvik les forfattaren tekstane i ei veksling med Britt Pernille Frøholm sitt slåttespel etter dei same spelemennene.
I tillegg er framsyninga bygd opp med autentiske foto som vert viste på lerret undervegs i konserten.
 
Marianne og Britt Pernille laga programmet til folkemusikkfestivalen i Førde i fjor, i samarbeid og på initiativ frå Rom for ord. Dei litterære tekstane Marianne har skrive, gjer at spelemennene blir levande for lyttarane - med sine liv, draumar og kvardagar, slik dei hadde det, eller kan ha hatt det.
 
Ho søker seg fram til dei med ein prøvande, spørjande tone - Korleis var det å gå gjennom livet med ei så sterk skapande åre slik vilkåra var, då?
 
Idun Losnegård ved teater Vestland har hatt regien for framsyninga. Ho har skapt ein dramaturgi som blir verande i ei form der den gode forteljinga og slåttespelet avløyser kvarandre på ein måte som gir ro og nærheit til historia og musikken.
 
Framsyninga er i samarbeid med Liatunet gardsmuseum og Førdefestivalen.
 
Tid: kl. 16 søndag 22. mai
Stad: Liatunet i Innvik
Billettsalg i døra kr 200
Barn: gratis