Norge er aleine om å ta vare på den norske folkemusikken og folkedansen. På kva måte kan vi sikre at barn og unge har tilbod om opplæring gjennom kulturskulane, og samstundes har eit folkemusikk- og folkedansmiljø å vere ein del av?

Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans - som inviterer til ei samling med rundt dette temaet fredag 2. september i Oslo.

FolkOrg har teke på seg ansvaret for å invitere til ei samling for å utveksle erfaringar frå dei som fekk utviklingsmidlar frå Utdanningsdirektoratet skoleåret 2010-2011 på folkemusikk- og folkedansfeltet. Det var Ål, Verdal og Seljord.

Samstundes ønskjer vi å invitere dei som får stønad for skuleåret 2011-2012, og andre interesserte. FolkOrg ønskjer å samarbeide tett med Norsk Kulturskuleråd, lokale lag og lokale kulturskuler kring dette arbeidet.

Fredag 2. september, Schous (Grünerløkka) i Oslo kl. 09.30 - 15.30

Program:

09.30 Kaffi og registrering

10.00 Velkomen v. Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg

10.10 Erfaringar frå Verdal, Ål og Seljord som fekk stønad frå Utdanningsdirektoratet i fjor

12.00 Lunsj

13.00 Norsk Kulturskoleråd v. Berit K. Graftås, kulturskolekonsulent i Hedmark

13.30 Diskusjon; kva skal vi gjere for å få meir undervisning i folkemusikk og folkedans i kulturskulane og at det vert eit godt samarbeid med lokallaga/miljøa? Kva skal vere FolkOrg si rolle? Kva er Norsk kulturskoleråd si rolle? Kva er dei lokale kulturskulane og lokallaga sine rolle?

15.00 Kort oppsummering og vegen vidare

 

Påmelding innan 26.august til linda@folkemusikk.no.

Samling og servering betalar FolkOrg, men kvar enkelt må dekkje utgifter til reise og opphald.

Det kan verte mindre endringar i programmet.