Førdefestivalen måtte avlysast i sommar, men no kan me gle oss til litt musikk i haustmørkret.

23. og 24.oktober inviterer Førdefestivalen til ei heidundrande god musikkhelg i Førde! OktoberFolk byr på ellevill jodling, sørsamisk joik, bluegrass, trekkspel i både helgelandsk og løtensk utgåve, nydeleg musikk som frå austens basarar i midtausten, musikalsk standup og tamilsk energi. Du som har høyrt om desse folka, veit at dette er verd å få med seg, og om du ikkje har høyrt om dei; Det er SÅ verd det!

Om du ikkje kjenner musikken frå før, her er spelelista OktoberFolk på Spotify.

 

KJØP BILLETTAR