horizontal-banner-web

Førde, 4.-8. juli

Førdefestivalen 2018

Dansen i musikken - musikken i dansen!

Når Førdefestivalen inviterer til den 29. festivalen, skal det dansast meir enn nokon gong. Innan folkemusikken er dansen nært knytt til musikken. Det gjeld mest for alle land over heile verda. I nokre kulturar er det ikkje eingong ulike ord for musikk og dans, det finst berre eitt uttrykk som dekker begge deler.
 
Førdefestivalen og direktør Hilde Bjørkum er tydelege på at det trengst å slå eit slag for folkedansen både i Norge og internasjonalt.
 
– Vi vil hylle dansen og dansemusikken både gjennom å presentere den frå scena og invitere til den sosiale dansen for alle, og ikkje minst få fram sjølve nerven i samspelet mellom dansespelemannen og dansaren som skapar dansemagi, seier Bjørkum, i ei pressemelding i Firda.
 
Nokre av dei som skal syte for god dansemusikk i Førdehuset er gamaldansgruppa Lendmenn, Indre Sunnfjord Spelemannslag, Småviltlaget, Odde/Nilssen m/fleire.
 
Lokale artistar
Av lokale artistar skal Ole Nilssen vere med i semifinale i Intro-folk, mot hallingdølen Helga Myhr. Synnøve Bjørset tek med seg Majorstuen og bestillingsverket Skrible til Førde. Synnøve Bjørset og Malin Alander skal saman med ei rekke gode musikarar stå for kveldskonserten fredag i Førde kyrkje "Op sødeste sang". Vidar Underseth er med i danseframsyninga "Dei gamle er eldst", ei framsyning som ærar og kretsar rundt dei eldre hallingdansarane våre.
 
Klangen av Astrup er ein nyproduksjon til årets festival. I Klangen av Astrup ser vi på Astrup med folkemusikalske auge. Vi lar nokre av våre fremste lokale folkemusikkutøvarar teikne sine bilde av den mangfaldige kunstnaren, og setje til fargar frå folkemusikken og dansen sin rikhaldige palett. I Astruptunet, kunstnaren sin eigen heim, vert det intimkonsertar, samtaler og betraktningar om kunstnaren sin klang i arbeid og fritid. Produksjonen skjer i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Utøvarar: Erlend Apneseth, Sigmund Eikås, Emil Horstad, Kyrre Eikås Ottersen, Inger Furevik, Bjørnar Slåtten, Jan Arne Flugekvam, Laila Bø Flugekvam, Brita Jordanger Kirkeeide og Gisle Kirkeeide. Idé og produksjon: Førdefestivalen. Produsent: Gro Marie Svidal.
 
Les meir om artistane og sjå heile programmet her: http://www.fordefestival.no/
| Mer++