KURSTILBOD:

1.Eit døgn med felespel

Unge felespelarar er velkomne til kurs på Nordfjord fritidssenter. Frammøte fredag 24. okt kl 1800, avslutning i Fjellvarden laurdag kveld. Kurs med overnatting og måltid til berre kr 150,- pr deltakar. Betaling ved frammøte. Deltakarane vert delt i to grupper etter nivå.  Jorun Marie Kvernberg tek seg av dei som er komne lengst og Vidar Underseth dei ferskaste.

 

2.Munnspel for nybyrjarar

På loftet til Coop Marked Fjelli laurdag kl 1500 – 1745. Munnspelet var tidlegare eit av dei mest brukte instrumenta i folkeleg tradisjon, og interessa for instrumentet ser no ut til å blomstre opp att. Ei av eldsjelene for denne renessansen er Einar Eimhjellen i Naustdal som vil gje deg grunnleggande kunnskap og starthjelp. Det er kjøpt inn rikeleg munnspel i C-dur som kursdeltakarane kan få kjøpe til kr 135,- pr stk.

 

3. Folkeleg song

Fjellvarden laurdag kl 1500 – 1745. Vi vågar påstanden at det er ingen som har sett seg betre inn i vår lokale songtradisjon enn tidlegare fylkesmusikar Elin Grytting. Ho deler villeg ut frå den rike songskatten vår.

 

4. Trekkspel

I Galleri Ad Fontes (butikkloftet) laurdag kl 1500 - 1745.Fylkesmusikar Oddbjørn Ramstad vil gje deg mange gode tips for å få større glede av det allsidige instrumentet som trekkspelet er. I yngre år studerte han med sjølvaste Toralf Tollefsen som i år ville vorte 100 år.

 

5.Dans

Fjellvarden laurdag kl 1500 – 1745. Parhallingen er ein herleg dans for folk i alle aldrar. Den har fått ei ny bløming både på scener og dansegolv. Fylkesmusikar og dansar Vidar Underseth er beste lærar ein kan få. Han har fått kongepokalen på Landskappleiken for denne dansen saman med Hilde Bjørkum.

GUIDA TUR:

I tidlegare tider var folket på Fjelli heilt avhengige av sjøen for å kome seg ”ut i verda”. Det var eit yrande liv ved nausta der det også var fleire vassdrivne sagbruk. Det drivande klimaet var og ideelt til fruktdyrking. Kyrkjebåten Rols med sine 12 årar ligg framleis klar for bruk i naustet. Dette og mykje meir vil Leiv Sølvberg fortelje om.  Møt opp med bra skotøy ved Fjellvarden laurdag kl 1000 og bli med han ned sjøavegen til Sølvbergsnausta og Bergsetnausta, heilt gratis. Det er planen å kome opp att før kurs nr 2 -5 startar.

KONSERTAR:

Gapahukkonserten fredag kl 2100 i Villmarksleiren ved Nordfjord fritidssenter. Møt opp ved senteret helst før kl 2030. Derifrå er det fin gruslagd gangveg til Villmarksleiren. Under den store gapahuken og på benkane rundt bålet er det rikeleg med sitjeplassar, og der kan du lytte til lur, fløyter, munnspel, durspel, lokking og song frå ulike kantar ute i mørkret og skogen. Kanskje får vi og sjå dans på flaken i ljosken frå bål og lykter. Vi trur dette vert ein konsert du sjeldan eller aldri har opplevd maken til.

 

Coop-konserten laurdag kl 1400 i lokala til Galleri ad Fontes på butikkloftet. Kurslærarane vil servere nokre smakebitar i ein gratis intimkonsert.

 

Fjellvardenkonserten m/dans laurdag kl 2000. Dette vert den store festavslutninga på festivalen. Jorun Marie Kvernberg, Elin Grytting, Vidar Underseth, Oddbjørn Ramstad, Einar Eimhjellen, elevar frå felekurset og Spelemannslaget Fjelljom vil gje ein rikhaldig og variert konsert. Etterpå er det dans for alle til musikk frå Fjelljom, Nordbygda og Randis.

PRISAR:

Alle kursa har kr 150,- i kursavgift.

Dei opp t.o.m 10.klasse går fritt på alle konsertane.

Gapahukkonserten: kr 100,-

Fjellvardenkonserten m/dans: kr 200,- (medlemer i Fjelljom kr 150,-)

OVERNATTING:

Nordfjord fritidssenter har plass til fleire enn dei som går på felekurset. Ring tlf 90266550.

MAT:

Laurdag vert det både middag og anna god heimelaga kafemat å få i matsalen i Fjellvarden.

Deltakarane på felekurset får brødmåltida på Nordfjord fritidssenter. Der vert det og kveldsmat med buskspel etter konserten i Villmarksleiren fredag.

PÅMELDING TIL KURS:

Ring eller send melding til Arne M. Sølvberg på tlf 48151317 eller e-post helst innan 19. oktober.

Kursfaldar kan også lastast ned her: Foldar.pdf