På festkvelden for Sigmund Eikås i Borgja på Ålhus den 25. november vert det slepp av boka om Sigmund. Boka har fått tittelen "Skapt til spelemann". Redaktør er Jostein Aardal, tidlegare journalist i Firda og mangeårig medlem av Indre Sunnfjord Spelemannslag. Boka kjem ut på Selja forlag.

Redaktøren stiller spørsmålet: Fødd slik? Eller blitt slik? Ikkje godt å seie. Men få kan vere usamde i at Sigmund Eikås må vere skapt til spelemann.

Det var ikkje spesielt «in» med hardingfele i Jølster då Sigmund voks opp. Han var åleine ungdom som spelte i vid omkrins men vart likevel ikkje rekna som sær. Tvert imot, for han hevda seg på andre felt også, ikkje minst innan idrett. Altså ein allsidig ungdom, vanleg men også litt utom det vanlege.

Sigmund starta musikarkarrieren tidleg. Som 12-åring spelte han på 4H-arrangement og juletrefestar. Berre 14 år gamal var han spelemann i dobbeltbryllaupet til søstrene Dagmar og Norbjørg. Seinare vart det mange oppdrag både åleine og saman med andre. Sigmund har spelt for mange både innanlands og i utlandet og har nådd endå fleire gjennom radio og tv.

Mange kjenner Sigmund best som spelemann, instruktør, organisasjonsmann og musikalsk leiar i Indre Sunnfjord spelemannslag sidan tidleg på 1970-talet. I tillegg har han vore gardbrukar, dyrka mykje ny jord, drive aktivt i skogen og gjort tømmer om til material på gardssaga.

Dette og mykje meir er med i boka som er delt i to bolkar. Første delen er skriven av underteikna og Bjarte Øvrebø. I den andre delen er det innspel frå personar som først og fremst har hatt kontakt med Sigmund gjennom musikken.

På festkvelden i Borgja deltek mellom andre Knut Hamre, Øyvind Brabant, Gro Marie Svidal, Elin Pehrson Grytting, Einar Eimhjellen, Arne M. Sølvberg, John Oddvar Kandal, Øyvind Lyslo og Vidar Undserseth. Arrangør Indre Sunnfjord spelemannslag er sjølvsagt med saman med nabolaget Fjellklang. Og det blir nokre overraskingar!

Boka kan du få kjøpt på festkvelden i Borgja. Festen startar kl. 19.00. Bill. kr 350 for konsert, dans, mat og kaker/kaffi.