Adolf var yngst av dei seks kjende felespelande brørne frå Paulen, Førde i Jølster, og var busett på Åhus. 12. februar er det hundre år sidan han vart fødd, og dette blir feira med jubileumsfest der mellom andre Kringslått, Ingrid Heieren, Austreheim Musikklag og Fjellklang Spelemannslag byr på Pauls-musikk til konsert og dans.

Kl. 19.00 er det kaffi og kaker, og seinare på kvelden blir det servert spekemat. Alt er inkludert i bill. til kr. 250,-

Arrangør er Paulen-entusiast og felespelar John Oddvar Kandal.