Har du lyst til å vere med i Sogn og Fjordane spel og dansarlag på
Landsfestivalen 2023?

 

  • Eit lag for deg som vil vere med i eit «stort» lag.
  • Eit lag som gjer at fleire frå fylket kan vere med på Landsfestivalen i gamaldans.
  • Eit lag for deg som kan hende ikkje har fast tilknytning til eit lokallag.
  • Eit lag også for deg som er med i eit lokallag og framleis skal vere med i lokallaget, men som sjeldan eller aldri får vere med å delta i konkurransen på Landsfestivalen.
  • Eit lag for deg som ynskjer god opplæring og vil dra nytte av gode instruktørar.
  • Eit lag for deg som vil vere med i gamaldans og folkemusikkmiljøet.
  • Eit lag for deg som meinar at «dåmen» i vestlandsspelet er like god som «dåmen» i austlandsspelet og vil ta opp konkurransen med laga austanfrå.


Målet er å få til eit lag som skal kunne tevle heilt i toppen på Landsfestivalen. Me som har vore på ein del landsfestivalar, har lagt merke til at lag med mange medlemmar, god lyd, volum og trøkk gjerne er dei som går til topps i Landsfestivalen. For å få til eit trøkk på scena er målet å få med minst 30 hardingfeler, nokre trekkspel og gitar og bass. Sogn og Fjordane spel og dansarlag skal i utgangspunktet spele både på vanleg fele og hardingfele. Dette første året vil me prøve hardingfele, sidan det er mest vanleg i Sogn og Fjordane, og vi vil legge til rette for at ein kan låne hardingfele ved behov. Dei som ikkje har hardingfele ifrå før, skal vi skaffe lånefeler til. Me legg opp til 3-4 samlingar før festivalen sentralt i fylket, og med gode instruktørar. Me tek gjerne imot framlegg til instruktørar frå dei som vil vere med.

Så heiter det spel og dansarlag fordi det åpnast for at dansarar, òg skal kunne vere med i laget og delta på samlingane. Me har tenkt at det skal vere gratis å vere med. Dei som vil tevle i landsfestivalen må melde seg inn i FolkOrg og betale kontingent der. Det må poengterast at dette laget skal vere eit supplement til dei lokale spelemannslaga og ikkje ei erstatning. Dei lokale laga er grunnsteinen i spelemiljøa og slik må det vere i framtida og. I tevlingsreglementet til Landsfestivalen står det at det er tillete å delta i fleire lag.

Dersom det er interesse for eit slikt prosjekt, vil me arbeide vidare med tiltaket og sikte på å delta på Landsfestivalen i Førde i 2023. Dersom tiltaket møter liten interesse, må me vurdere om me skal gå vidare med idéen. Merk at ei rask tilbakemelding frå deg gjer det lettare for oss å kome i gang med å organisere eit slikt lag, så ikkje vent med tilbakemeldinga om du vil vere med.

Meld frå til fylkeslaget om du likar idèen og er interessert i å vere med ved å sende svar til epostadressa post@folkemusikklaget.no eller sende ein SMS til 47 86 47 82 INNAN 1. NOVEMBER. Hugs òg å skrive om du vil spele eller danse.