Den felespelande romsdalingen Jorun Marie Kvernberg (1979) er kjend for mange både som merittert solist og som solid ensemblemusikar i mellom anna Majorstuen og Tindra. Gudbrandsdølen Hans Sandum (1980) har gått tradisjonsvegen og fått opplæringa si utanom dei formelle læringsvegane, på stova heime hjå tradisjonsspelemenn som Rolv Brimi, Thor Holbø, Knut Kjøk, Øyvind Skogum og hjå mor Ingebjørg Sandum. Veslebror Øyvind Sandum (1982) trakterar både trekkspel og durspel, og det på ein måte som har skaffa han ikkje mindre enn 20 gullmedaljer og ein kongepokal!

To plateutgjevingar

Våren 2013 vart det utgitt to CD-ar med dansemusikk på fele og trekkspel som fekk mykje merksemd. Den eine var «Møyllmål», ein dokumentasjon på brørne Sandum sitt nærast medfødte duosamspel. Repertoaret her var gamal slåttemusikk frå Gudbrandsdalen, og då særleg frå deira heimbygd Lalm, mellom anna i tradisjon etter dei sju legendariske Skogumbrørne. Den andre plata heitte «Tidens Løsen» og var ei samling av runddansslåttar etter spelemannen Ole Blø frå Midsund i ytre Romsdal. Det luftige og spretne felespel hans sette djupe spor i Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum, og dei fekk ein sterk trong til å dele denne måten å spele gamaldans på. Begge CD-ane vart nominerte til Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel.

På konserten med Sandum/Kvernberg/Sandum vil publikum få høyre både tre solistar, tre duoar og ein ny trio! Dei to duoane vil som trio leike seg i det musikalske møtet mellom kyst og dal. I lys av kvarandre vil dei to ulike tradisjonane framstå endå tydelegare.

Gamalmåten og nymåten

Sjølv om dei to felespelarane i trioen er jamnaldra, representerer dei to ulike generasjonar av folkemusikarar. Jorun Marie Kvernberg var ein av dei første som fekk ta formell utdanning innan utøvande folkemusikk. Hans Sandum har derimot gått den tradisjonelle vegen og har nådd eit særs høgt nivå gjennom å oppsøkje eldre spelemenn. I dag byrjar det bli ei sjeldan vare med elitespelemenn som ikkje er innom utdanningssystema. Det er grunn til å tru at dei to utdanningsvegane tilfører musikaren ulike kvalitetar og kanskje også tildels ulik musikalsk estetikk. Musikarmøtet vil også sette fokus på dette viktige mangfaldet ein får ved at både den tradisjonelle spelemannen og den profesjonelle spelemannen får sin plass på scena, - og gjerne saman!

Jorun Marie Kvernberg (1979) er frå Fræna i Romsdal, og er busatt i Volda. Kvernberg har jobba som utøvande folkemusikar på heiltid sidan 2004 etter endt utdanning ved Norges Musikkhøgskole (4 år utøvande kandidatstudium i folkemusikk, 1 år PPU). Utøvar i Tindra, Majorstuen, Unni Boksasp Ensemble, Gabriel Fliflets Valseria m.m. Som solist spelar ho folkemusikk frå heimfylket.

Øyvind Sandum (1982) er frå Lalm i Vågå, bur no i Oslo. Han spelar trekkspel/durspel og har musikkutdanning fra? Ole Bull Akademiet og Høgskulen på Hamar. Frå haust 2014 arbeider han som fulltidsmusikar og dansar. Spelar også i gruppene Nordafjells, Sol i Skuggeskog og Øyvind Sandum trio. M.a. 20 gullmedaljer frå tradisjonelle meisterskap i folkemusikk (Landskappleik og Landsfestival).

Hans Sandum (1980) er fra Lalm i Vågå, bur i Oslo. Hans har lært felespelet gjennom å gå i privat lære hjå m.a. Knut Kjøk, Rolv Brimi og Øyvind Skogum. Han har ikkje musikken som leveveg, men er leiar av Sofienberg spelemannslag og har vore sentral i både Heidal Spelemannslag og studentspelemannslaget Flatlusa (Ås).

Torsdag 20. november kl. 19:30

Stad: Straumsnes Grendahus

Pris 200,-

Arrangør: Fure & Våge Songlag og Dalsfjorden Spelemannslag

Servering av kake og kaffi.

Dansespel frå trioen og frå Dalsfjorden Spelemannslag, innslag også frå Fure & Våge Songlag.

Trioen spelar også på Tingvoll tirsdag 18. november og i Molde onsdag 19. november.

Kontakt: Jorun Marie Kvernberg på tlf.91318235 eller e-post: jorun@kvernberg.com 

Heimeside: www.jorunkvernberg.com