Spelemannslaget Fjelljom (i Stryn) har i årevis hatt kurshelg for unge felespelarar på hausten, dei siste tre åra kombinert med Fjelljomfestivalen. Det satsar vi på å få til på festivalen siste helga i oktober i år og. Men i år utvidar vi tilbodet med ei samling fyrste helga i mars.

Frå fredagen kl 1900 til laurdagen ca kl 1700 kan du få vere saman med andre unge felespelarar i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli. Vi kan ikkje spele fele heile tida, så det vert lagt inn litt anna moro i programmet, m a litt dans, friskluftsøkt tilpassa ver og føre og kanskje du/de har ein god vits eller ein sketsj du/de vil framføre fredags kvelden? Vi set inga aldersgrense på kursdeltakarane, og kurset er ope for alle. Vi tenkjer og at samlinga kan vere fin oppvarming og gruppeøvingar før fylkeskappleikane.

Det vert lagt opp til overnatting i sovepose på flatsenger i ymse rom i ungdomshuset. Om nokon vil ha foreldre med, så har Fjelli mykje å by på av skiløyper og frisk natur. Og dersom nokon vil ha annan standard på overnattinga, så kan det også la seg ordne. Men for dykk unge reknar eg med at overnattinga i lag er ein kjærkomen (og spennande?) del av programmet.

Lærarar: Arne M. Sølvberg har tilbode seg å servere friske springarar m m til dei som er komne lengst i felekunsten. Dei ferskaste i faget får rettleiing av Antonia Karete Haugen Kongsvik. På mellomnivået har vi vore så heldige å få ja frå Anne Marta Vinsrygg Vadstein (Stryn/Volda). I tillegg til god kjennskap til vår lokale feletradisjon, kan de gjerne spørje henne om ein song eller to og.

Kostar det noko? Nei, nesten ingen ting. Vi har prata om 150 kroner i avgift, og då får de både kveldsmat fredag, frukost, lunsj og middag laurdag. Skal de ha noko utanom, så ligg Coop Marked Fjelli rett attmed.

Påmelding og/eller andre spørsmål: Ring tlf 48151317 (Arne M. Sølvberg) eller send epost gjerne så snart råd og seinast måndag 27. februar.

Beste helsing frå Spelemannslaget Fjelljom