Under Kulturnatta 11. november vart heftet om spelemannen Einar Espe lansert med ord og tonar i Nedrebergtunet. Arne M. Sølvberg er mannen bak heftet og har skrive eit hefte basert på eigne minner frå slik han hugsar Einar og spelemannslaget Fjelljom sine fyrste år. Heftet er fylt med notar, foto og tekst om spelemannen.

Om utvalet av notenedskriftene av slåttane i heftet skriv Arne sjølv: "Slåttar som "alle" spelte var eg ikkje så interessert i, men når Einar kom på slike som han kanskje var åleine om å spele eller hadde ei god form på som skilde seg frå "standardutgåva", då var det om å gjere å fange inn."
 
Ønskjer du å kjøpe heftet?
Du kan tinge det via folkemusikklaget, eller sende ein epost til Arne Sølvberg
 
Prisen på heftet er på kr 150,-