Det er framleis ledige plassar på

FELEKURS MED BRID HARPER

Laurdag 9. juli kl. 14.30-16.30

Meld deg på her

 

Grip sjansen til å lære av ei levande legende innan irsk folkemusikk!

Brid Harper frå Castlenn i Donegal er ein bauta innan irsk folkemusikk. Alt i 1988 vann ho den prestisjetunge seniorklassa på All-Ireland, den irske landskappleiken, og har ei rekkje andre utmerkingar å skilte med. Harper har spelt med det som kan krype og gå av den irske folkemusikkeliten. Det er første gong Brid Harper er på Førdefestivalen, så lat ikkje sjansen gå frå deg til å lære irsk felespel direkte frå henne. Dette kurset er for deg som er aktiv felespelar, og har god spelerøynsle.

 

Brid Harper spelar i trioen HARPER/O’CONNELL/WIIK som har konsert på Hafstadfjellet laurdag, og i Jakob Sande-tunet i Dale søndag.

 

Sjekk festivalprogrammet her