Nilssen02

Borgja, 11. februar 2017

Dansekurs for ungdom og vaksne

Ole Nilssen held polskurs laurdag 11. februar 2017.

Polskurs med Ole Nilssen og spelemann Kristoffer Kleiveland

I samband med "Ein aftan på Ålhus" skipar folkemusikklaget til dansekurs i pols laurdag 11. februar i Borgja på Ålhus.

I 2016 arrangerte Sogn og Fjordane Folkemusikklag eit dansekurs i ei allereie etablert dansehelg i Jølster. John Oddvar Kandal har i fleire år arrangert «Ein aftan på Ålhus» andre laurdag i februar, og sist gong skipa folkemusikklaget til eit kurs nokre timar på dagtid. Tema for kurset var danseteknikk der vi tok utgangspunkt i nokre runddansar. Kurset var svært populært, folkemusikklaget fekk god respons frå deltakarane. For 2017 ønskjer vi å halde fram med samarbeidet og suksessen, og skipar til nytt dansekurs, no med pols som tema.

 
Stad: Borgja, Ålhus
Tid: laurdag 11. februar, kl. 10:00 - 15:00 (inkl. lunsjpause)
Kursavgift: kr 250,-
 

Ole Nilssen er ein framifrå dansar, og har som yngste utøvar nokon sinne vunne Landskappleiken 2014 i dans fele klasse A saman med Solveig Brekke Hauknes, denne klassa vann dei også i 2016. I tillegg har dei vunne danseklassa på Landsfestivalen to gonger. Han har hovudsakleg fordjupa seg i runddanstradisjonar frå Hedmarken og  polstradisjonen frå Østerdalen, og nytta den tradisjonen i danseutdanninga han har frå NTNU i Trondheim og studiet Norsk Folkelig dans. Eit studie med stort fokus på dansekropp og balanse, både som individuell dansar og i par. Ole har også vore med i ulike Bygda dansar-prosjekt, både som danseførebilete, danseinstruktør og musikar.

 
Aftan på Ålhus er ein kveld med musikk, først i konsertform og deretter til dans. Dette har vore eit godt besøkt arrangement, og ein fin samarbeidspart til folkemusikklaget. Det vert dansekurs i Borgja på dagtid laurdag, konsert i Ålhus kyrkje kl. 17:00 og deretter dans i Borgja frå kl. 19:00, med kaffi, mat og kaker attåt. Denne «aftan» er tenkt som ein open arena der dansen står i høgsetet, både med og utan rettleiing.
 
Kurset er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans
| Mer++