I samarbeid med Vestlandskappleiken samlast vi i Grand Selskapslokaler frå kl 2130 laurdag 14.oktober. Det blir ein lang og god dansefest med både bygdedans og gammaldans på programmet. Det er fleire tilstøtande rom til danselokalet, så det blir godt høve til mingling og sosialt samvær. Kanskje også litt buskspel her og der?  

På scena denne kvelden blir det dansespel med både lokale og nasjonale aktørar. Studentane ved Ole Bull-akademiet på Voss skal bidra, og fleire av dei som var med på sjølve jubileumskonserten.  

 

Av dei som skal bidra med dansespel har vi: 

  • Inge Gjevre og Vegar Vårdal (runddans) 

  • Anders Erik Røine (bygdedans) 

  • Vegard Hansen og Ragna Valde Sletten (runddans) 

  • Alexander Røynstrand (bygdedans) 

  • Aslak Brimi og Steinar Odde (runddans) 

  • Ole Bull Spelmannslag 

  • Lokale grupper og spelmannslag 

Alle som har vore på jubileumskonserten kjem sjølvsagt gratis inn. Det same gjeld kappleiksdeltakarar på Vestlandskappleiken. Alle andre kan kjøpe billett i døra.  

 

Info om Vestlandskappleiken finn du her.

Info om jubileumskonserten til FolkOrg finn du her.