Spelemannen og komponisten Per Mathiasen Bolstad (1833-1910) frå Hjelledalen i Oppstryn, er eit gullkanta namn innan tradisjonsmusikken her i landet. Han har sett sitt preg på gammaldansen både i Nordfjord og på Sunnmøre, heilt frå si samtid og til i dag. Sist haust blei ein del av musikken hass lansert på ein dobbel-CD utgjeve av plateselskapet Aksent. Utøvarar på albumet er spelemannslaget Fjelljom i Stryn, felespelarane Åsmund Arnesen Farstad og Arne M. Sølvberg og trekkspelaren Håvard Svendsrud.

Dei neste fem vekene vert musikk etter P.M. Bolstad å høyre i statskanalen, i NRK P1+ sitt populære program «På dansefot». Frå onsdag 15. februar kl. 20, og i fem veker framover vil det verte spelt musikk frå den nettopp omtalte plateutgjevnaden. Arne M. Sølvberg og Håvard Svendsrud er gjester i studio, og gjev kommentarer om slåttane i samtale med programleder Erik Forfod.

Som duo har Arne M. Sølvberg og Håvard Svendsrud nettopp held konsertar på Bryggja, Stadlandet, i Volda, Hornindal, Olden og Nordfjordeid. Tema og tittel for konsertene har vore «P.M. Bolstad og andre Nordfjordspelemenn». Det meldast om god stemning og godt besøk på alle konsertane. Musikken til «Gamle-Bolstaden» er med andre ord framleis dagsaktuell i Vestlandsbygdene, så vel som i NRK.