Kulturhelg og TØFT samling i Jostedalen 

28.februar – 1. mars 2020

 

Jostedal spel- og dansarlag i lag med fleire andre lag i Jostedalen inviterer til kulturhelg og TØFT treff for unge folkemusikarar og folkedansarar. 

 

Meld deg på innan 10. februar til Oddbjørg Ese, e.post: oddbjese@online.no eller sms til 41460468 

 

Instruktørane denne kurshelga er:

Eirik Fuglesteg Luksengard: Dans

Kirsten Fris: Dans  

Ingrid Stuhaug: Fele/Hardingfele

Håkon Høgemo: Hardingfele

Arve Bjørn Røneid: Toradar/trekkspel

Asbjørg Ormberg: SmåTØFT – eit songtilbod for dei under 10 år

 

Du kan overnatte på flatseng på Jostedal skule. Skulen ligg like ved samfunnshuset der alle kurs og aktivitetar skal foregå. Ta med liggeunderlag, sovepose, toalettsaker/handkle, finkle til festen, instrument og sko til å danse i. Alle måltid vil bli servert i samfunnshuset og heile helgi er gratis for ungdom under 19 år!

 

Kulturhelg

På laurdag blir det fleire ulike kurs for bygdefolk og tilreisande, og på laurdags kvelden blir det kulturprogram og dansefest frå kl 19:30

Alle arrangement er alkoholfrie.

 

Program 

Fredag 28.02

19:00 – 20:00 Pizza

20:00 – 21:30 Sosialt samvær

 

Laurdag 29.02

09:00 – 10:00 Frukost

10:00 – 12:00 Kurs

12:00 – 13:00 Lunsj

13:00 – 14:30 Dans for alle

14:30 – 16:30 Kurs

17:00 – 18:30 Middag

19:30 – 21:00 Kulturprogram 

21:00  Dans

 

Søndag 01.03.

08:30 – 10:00 Frukost og pakking

10:00 – 11:00 Kurs

12:00 – 13:00 Hentekonsert/ Lunsj

 

 

 

Er det noko du lurer på er det berre å ta kontakt med Oddbjørg Ese tlf 41460468

 

Hjarteleg velkommen til TØFT samling og kulturhelg i Jostedalen. Me ser fram til å sjå deg!