Bolstadprisen er ei vidareføring av Emil Bolstads legat og skal vere ein stimulans til unge som fører vidare tradisjonane innan folkemusikk og/eller folkedans. Bolstad-slekta frå Hjelledalen i Oppstryn har fostra mange topp utøvarar både på fele og trekkspel i tillegg til å ha tilført ei mengd gode komposisjonar, og det var vidareføring av dei gode tradisjonane som låg Emil Bolstad sitt hjarte nær då han oppretta legatet. Då det vart avslutta og Bolstadprisen oppretta i staden, vart og det geografiske området for tildeling utvida frå Stryn til å gjelde heile landet. Det er styret i Spelemannslaget Fjelljom som har ansvar for prisen.
Vinnarane av Bolstadprisen tidlegare er Eli Fridtun Vereide, Åsmund Arnesen Farstad, Kristina Farstad Bjørdal, Emil Horstad, Hannah Moira Midtbø-Bruner, Hanne Kjøk og Synne Kjøk.

Prisvinnaren 2025 heiter Solveig Eide Grønningsæter og er frå Eidsdal på Sunnmøre. Ho er no 22 år og har spelt fele sidan ho var 6 år. Sidan både systra, mora og morfaren spelte fele var instrumentvalet naturleg. Men ho har og spelt kornett i korps og likar godt å danse. Fyrste felelæraren var Ingunn Linge Valldal som og leia Valldal spelemannslag og la til rette slik at dei unge spirane fekk vere med i laget. Solveig har sidan likt godt å spele i lag med andre og endåtil vikariert som leiar i spelemannslaget. Ho framhevar morfaren, Dagfinn Grønningsæter, som ein viktig støttespelar. Han har køyrt henne land og strand rundt og har alltid vore positiv og interessert i det ho held på med.

Solveig har satsa på skikkeleg utdanning innan tradisjonsmusikken og går no 4. året på Ole Bull Akademiet. Der har ho hatt Jorun Marie Kvernberg og Vegar Vårdal som lærarar. Fela er hovudinstrumentet, men dansen er og med som eit tillegg. Studiet har skaffa henne mange nye spelekameratar. Ho trivst ekstra godt med å få spele litt virtuos gammaldans som gjerne grensar til klassisk musikk. Denne interessa har ført henne inn i Per Bolstad si musikkverd med innøving av fleire komposisjonar frå hans hand. Albumet «Rosen» med Bolstad sine komposisjonar, innspelt av stjernetrioen Engegård/Svendsrud/Haugen, har fått ei høg stjerne hos Solveig, og ho har gleda seg til kurs med meisterfiolinisten Arvid Engegård på denne Bolstad-helga her på Videseter.

Dette haustsemesteret er Solveig utvekslingsstudent ved Sibelius-akademiet i Finland; eit akademi med særs godt rykte. Sjølvsagt vonar ho då å få lære nokre gode finske tangoar som ho har stor sans for og som er god tradisjon hos finske felespelarar.
Etter ferdig studie ved Ole Bull Akademiet står pedagogisk utdanning på planen. Solveig har lyst å kombinere lærarrolla med rikeleg speling med ulike grupper. Ei plateinnspeling i framtida er og i tankane.

Styret for Bolstadprisen er også i år svært nøgde med å kunne gje 20 000 kroner, diplom og den tradisjonelle Fjelljomtaburetten til ein verdig vinnar. Lukke til med Bolstadprisen og framtida!