Naustedalen Spelemannslag reiser med kring 50 spelemenn og dansarar til USA i haust. I tillegg til deira eigne medlemmer er det også ein del andre – både spelemenn og dansarar som blir med. Reisa startar i Førde tidleg om morgonen 24. september og ein kjem heim 8. oktober.

Eit par av felespelarane har meldt avbod  på grunn av problem med å få fri frå jobben, og spelemannslaget etterlyser difor eit par habile hardingfelespelarar som kan tenkje seg å bli med. Melodiane som skal bli brukte i framsyningsprogrammet er mest kjende turdansar, men også nokre andre som er lette å lære.

Rundreise i Amerika

I USA går turen med buss og startar med framsyningar i Minneapolis. Deretter blir det Brainerd i Minnesota,  Norsk Høstfest i Minot i North Dakota. Turen vidare går gjennom North Dakota, Montana, Idaho og Washington til Kent ved Seattle som er vennskapsbyen til Naustdal, Førde, Jølster og Gaular, og som spelemannslaget har besøkt 3 gongar tidlegare. Siste opptreden blir i Seattle.

Undervegs blir det framsyningar fleire stader.  Det er lagt inn grillkveld på en ranch i Montana og dagstur med buss gjennom Yellowstone Nasjonalpark. Heimreise blir frå Seattle.

Er du interessert?

Kontakt Einar Eimhjellen på tlf. 95203597