Om du har lyst til å verta betre kjend med folkemusikk og dans, nettopp har byrja med song, dans eller spel, eller har dreve på lenge er du velkomen til å vera med på Juniordag! Samlinga skal vera på Sunnfjord kulturskule i Førde 9.jan kl 11-16.00, og er for alle som er mellom 2 og 19 år. For dei under skulealder vert det eit kortare opplegg med song og dans frå kl 14. Juniordagen er gratis for alle.

Instruktørar er mellom anna Ole NIlssen, Elin Grytting, Mari Andrea Ness, Marin Stallermo Bakke og Malin Alander. Fleire kjem!

Påmelding innan 5.januar. Meld deg på her!

Om du har spørsmål, kontakt Ole Nilssen på Ole.Nilssen@sunnfjord.kommune.no.


Vi fylgjer til ei kvart tid dei gjeldande reglane og tilrådingane når det gjeld smittevern i høve covid-19, og for at me skal få til dette til på best mogelege vis ber me om påmelding i god tid på førehand, og innan 5.januar.