Audhild Moxnes

Frist for innsending av forslag var 18. september

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris - til unge utøvarar på hardingfele

Tildeling hausten 2017

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.
Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 
 
Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2017, og er på kr. 15.000,-.
Kappleiken finn stad i Askvoll 13. – 14. oktober 2017.
 
FRIST for innsending av forslag er 18.9.2017.
 
Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2017”.
 
For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/
| Mer++