Dersom ein vil vere med på Julemarknaden ved Sagedammen i Ulvedal, kan ein det fyrst ettersom dei har ope til kl 1800, så etterpå er alle velkomne til Fjellvarden. Klokkeslettet skulle vere greit å hugse. Etter konserten vert det kakebord i matsalen, litt allsong, og deretter får vi danse til drivande musikk frå Austrheim musikklag under Liv Fridtun si leiing. Kanskje tek jubilanten og ei lita økt på munnspel. Han vil sterkt understreke at gebursgåver vil han ikkje ha noko av, men om nokon har lyst å gje nokre kroner til styrking av kontoen for Bolstadprisen som Fjelljom deler ut til unge talent, så settast det stor pris på. Ingen vert særskilt inviterte, men fint om de kjem likevel!
Arne Sølvberg inviterar til ope ungdomshus og 75-årsdag 29. november
Laurdag 29.nov. kl 1814 vert det ope hus med gratiskonsert med duoen Øyvind Lyslo/Arne M. Sølvberg, 75-årsdag til Arne, kaker, allsong og dans i Fjellvarden ungdomshus på Fjelli i Stryn.
