aftan på ålhus

Jølster, 10. februar

Aftan på Ålhus

Ønskjer velkomen til Aftan på Ålhus for sjuande gong.

Dette arrangementet har vorte tradisjon, både med konsert i Ålhus kyrkje og festkveld i Borgja. I år er det lokale utøvarar som står i fokus.
 
På kyrkjekonserten får vi på nytt møte Hege Alme - jølstrajenta som har gjort seg bemerka med si flotte songstemme både i og utanfor heimkommunen Gloppen. Kantor i Jølster Rune Molvik, er bokstaveleg tala på heimebane. Han vil gle oss med lokal musikk i eige, spennande arrangement, samt andre fortryllande tonar frå galleriet. Helene Myklemyr på trekkspel er fast inventar, og i tillegg til John Oddvar Kandal på fele, håper me publikum finn konserten både fin og variert.

Etterpå står kaffibordet klart i Borgja, der Nordbygda Spelemannslag spelar opp, og til bytes med Aftans Husorkester, er det berre å ynskje
 
VELKOMMEN til både prat og svingom!

 

 

| Mer++