Jølstringen Erlend Apneseth og Margit Myhr, frå Torpo i Hallingdal, er to av Noregs aller fremste yngre folkemusikarar. Erlend sleppte si kritikarroste debutplate "Blikkspor" i 2013, har hatt omfattande konsertverksemd i inn og utland, og motteke fleire prisar for hardingfelespelet sitt dei siste åra. Margit har, i tillegg til å være ein framståande kvedar, vore engasjert i dansegruppene Frikar og Villniss, og medverka på fleire plateutgjevingar dei siste åra. Ho har også vore med i fleire produksjonar på Västanå teater i Sverige som skodespelar, musikar og dansar. Margit er ein allsidig musikar som i tillegg til hardingfela trakterer langeleik og lyre.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerde

Billettsal v inngang (betaling med kontantar):

Vaksne : kr 200

Skuleborn og –ungdom under 18 år: kr 50

Under skulealder: Gratis

Arr. Gaular Spelemannslag