UngLåt 2025 er no historie, og for ein gjeng vi har vore så heldige å hatt med oss! Gjengen har bestått i unge trekkspelarar, felespelarar og hardingfelespelarar frå heile Vestlandet, samt dyktige instruktørar frå heile landet. Gro Marie Svidal har lært vekk slåttar og triks til dei eldste hardingfelespelarane, medan Tuva Færden har lært vekk nokre slåttar og har koreografert ein dans med dei yngste. Apropos dans var dei to spretne karane Jon Bugge Mariussen og Håkon Håvelsrud Odden på besøk og hadde fellesøkter både for dei eldste og dei yngste med dans, leik og ballspel. Dei lærte òg vekk nokre hallingtrinn for dei som valde halling som valfag. På trekkspelkurset var det Mads Erik Odde som lærte vekk nokre slåttar til dei unge trekkspelarane. I tillegg held han kurs i arrangering til ei knippe av deltakarane som hadde valgt det som valfag. Hans Kjorstad leia ei gruppe med vidarekomne med blanda besetning. Her var det ikkje berre eit drøss med slåttar lært vekk (nokre av dei ganske vanskelege òg), men òg arrangering av desse, ulike speleteknikkar og lydar. Jon Brodal fekk vist sin felekunnskap til eit knippe felespelarar, samt at han komponerte ein halling i høve årets kurs som han kalla Solhallingen. Denne fekk alle lære og vart framført som fellesnummer på slutten av hentekonserten den 3. juli. Deltakarane fekk lage òg reklame i form av plakatar og promoteringsvideoar til konserten i valfaget Formidling, leia av Gro Marie. Kveldane gjekk til leik i gymshallen, brettspel, kortspel, quiz, pingpong, shuffleboard, biljard, airhockey, lærarkonsert og opningskonserten til Førdefestivalen for dei som var med på det (og det var dei fleste). Vi takkar så mykje alle deltakarar, instruktørar, frivillige, Sunnfjord folkehøgskule, tilskotsgjevarane Musikkens studieforbund, Sparebankstiftinga, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Vestland fylkeskommune, Kulturrådet, Luster sparebank og Sunnfjord kommune for at de har bidrege til eit kjekt sommarkurs i Førde!