Opplev slåttearven etter storspelemannen Leif Rygg og drivande slåttespel frå Voss og Hardanger med Steinar Rygg, Ludo og Indre Sunnfjord Spelemannslag fredag 30. januar 2026 kl. 20:00 23:00 i Førdehuset (5 Angedalsvegen, Førde)
Ålesund Folk Festival opnar konsertserien "Folk i Aalesund" 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» 25. januar kl. 18 på Fabrikken Kulturscene i Ålesund – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud og Arne Sølvberg.
Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- og dansarlag ynskjer med dette velkomne til Sogn og Fjordane-kappleiken 2026 som skjer 13.-14. mars på Grand Hotel Skei.
I helga (5.-6. desember) vart det arrangert julebord for Sogn og Fjordane folkemusikklag, med kurs i spel og dans, lotteri, buskspel, god stemning og ikkje minst god julemat.
Vil du fordjupe deg i tradisjonsdans, og samstundes utvikle deg som utøvar, formidlar og kulturarbeidar? Søk bachelor i folkedans ved Universitetet i Søraust-Noreg! Søknadsfrist 6. januar
Er du ein instruktør innan folkemusikk og folkedans, eller ynskjer du å prøve å instruere? Har du tradisjonskunnskaper du ynskjer å vidareformidle? Vil du vere med å bidra til at den levande folkemusikken og folkedansen består?
Sogn og Fjordane folkemusikklag ynskjer å kartlegge instruktørressursane innan folkemusikk og folkedans i Sogn og Fjordane. Vil du vere med på laget, så fyll gjerne ut skjemaet her.
TØFT 2025 har bidrege til at born og unge i heile Sogn og Fjordane har fått opplæring i, og kjennskap til folkemusikk og folkedans. Prosjekta har vorte gjennomført i Hornindal, Skei i Jølster, Viksdalen og på Sandane. Vi ser tilbake på TØFT 2025.
Bli med på Julebordhelg med kurs, konsert, dans og god julemat på Grand hotell Skei 5.-6. desember. Her kan du lese meir info og melde deg på kursa. Vi held open for påmelding til kurs, no når vi veit at vi har nok deltakarar til å halde kursa. Velkomne!
Laurdag 29.nov. kl 1814 vert det ope hus med gratiskonsert med duoen Øyvind Lyslo/Arne M. Sølvberg, 75-årsdag til Arne, kaker, allsong og dans i Fjellvarden ungdomshus på Fjelli i Stryn.