Naustedalen spelemannslag er ein av dei nominerte til Årets lokallag 2013! Meir om Naustedalen og grunngjevinga for nominasjonen finn du her. Dei to andre laga som er nominerte er Hardanger Spelemannslag ogEiker spelemannslag.
Synnøve Bjørset (foto) vann spel fele/hardingfele klasse A på Fylkeskappleiken 2013. Med det sikra ho seg også vandrepremien i spel til odel og eige. I dans vann Leikny Aasen og Vidar Underseth A-klassa og tok sitt andre napp i vandrepremiane her. Kari Malmanger tok sitt første napp i vandrepremien i song.
Årets Førdefestival nærmar seg og programmet er på plass. Tema i år er musikk og natur. I løpet av 4 dagar kan publikum velje mellom 100 arrangement på 30 arenaer med omlag 300 artistar. Alt om årets artistar finn du her.
Smørbukk-kappleiken vart i år arrangert på Skei samband med fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane. I alt 59 rekruttar/nybyrjarar deltok. Det var stort spenn i innslaga frå solistar i både spel, dans og vokal til vokalgrupper med opp til 18 deltakarar i. Ein kort fotoserie med ein del av deltakarane er lagt ut. Den kjem til å bli oppdatert med fleire foto etterkvart.
Startlista til fylkeskappleik for Sogn og Fjordane 2013 er klar. I alt 55 startnummer skal i aksjon fredag og laurdag på Skei. I tillegg kjem Smørbukk-kappleiken for rekruttar/nybyrjarar. Nedanfor finn du startliste og oppdatert tidsskjema for årets kappleik.
Fylkeskappleiken 2013 nærmar seg raskt. Sjølv om den opphavlege påmeldingsfristen er ute, melder arrangørane at påmeldingssystemet vert ope til og med påskeafta 30.mars. Dermed er det framleis høve til å bli med på årets kappleik. Har du ikkje fått avgarde påmeldinga di enno, gå inn på: paamelding.folkemusikk.no og meld deg på med ein gong!Vi sjåast på Skei!
I 2012 fekk Seljord Spelemannslag prisen for årets lokallag for sitt gode rekrutteringsarbeid. I år vert det lagt vekt på revitalisering av lokale folkemusikk - og folkedanstradisjonar. Fristen for å sende inn forslag er 12. mars.