15. mars kl. 11, altså søndagen etter Sogn og Fjordane-kappleiken på Grand Hotel Skei vert det Årsmøte i Folkemusikklaget. Det vart sendt ut innkalling med saksliste og vedlegg 17. feb på epost til medlem. Er du medlem og ikkje har motteke dette, ber vi om at du sender ein epost til post@folkemusikklaget.no
Få med deg ein av Irland sine fremste felespelarar, saman med den geniforklarte bluegras-gitaristen Magnus Wiik tysdag 10. februar kl. 20 på Eldalstunet i Viksdalen!
Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- og dansarlag ynskjer med dette velkomne til Sogn og Fjordane-kappleiken 2026 som skjer 13.-14. mars på Grand Hotel Skei.
Opplev slåttearven etter storspelemannen Leif Rygg og drivande slåttespel frå Voss og Hardanger med Steinar Rygg, Ludo og Indre Sunnfjord Spelemannslag fredag 30. januar 2026 kl. 20:00 23:00 i Førdehuset. Om du kjem kl. 19 kan du verer med på krasjkurs òg!
Ålesund Folk Festival opnar konsertserien "Folk i Aalesund" 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» 25. januar kl. 18 på Fabrikken Kulturscene i Ålesund – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud og Arne Sølvberg.
I helga (5.-6. desember) vart det arrangert julebord for Sogn og Fjordane folkemusikklag, med kurs i spel og dans, lotteri, buskspel, god stemning og ikkje minst god julemat.
Vil du fordjupe deg i tradisjonsdans, og samstundes utvikle deg som utøvar, formidlar og kulturarbeidar? Søk bachelor i folkedans ved Universitetet i Søraust-Noreg! Søknadsfrist 6. januar
TØFT 2025 har bidrege til at born og unge i heile Sogn og Fjordane har fått opplæring i, og kjennskap til folkemusikk og folkedans. Prosjekta har vorte gjennomført i Hornindal, Skei i Jølster, Viksdalen og på Sandane. Vi ser tilbake på TØFT 2025.