
ROMJULSKONSERT I GAUPNE KYRKJE
Det vert romjulskonsert i Gaupne kyrkje 28. desember kl.1700. Artistar vert m.a. Mathilde Skjæret, Henning Lad, Norill Terese Norheim, Einar Bolstad og Gaupne skule- og ungdomskorps.
Det vert romjulskonsert i Gaupne kyrkje 28. desember kl.1700. Artistar vert m.a. Mathilde Skjæret, Henning Lad, Norill Terese Norheim, Einar Bolstad og Gaupne skule- og ungdomskorps.
Førdefestivalen FolkJazzScena innbyr til julekonsert i på Rica Sunnfjord Hotel torsdag 5. desember med den gledespreiande duoen Gabriel Fliflet og Ole Hamre. Med seg til Førde for å synge jula inn har dei også Berit Opheim. «Synge jula inn» må i denne samanhengen sjåast på i vidaste forstand. Dette vert nok ikkje ein julekonsert av det tradisjonelle slaget!
Kurs i danseopplæring vart vellukka gjennomført på Fjelli i helga. Asbjørg og Arne M. Sølvberg var instruktørar for seks ivrige deltakarar frå Sogn og Nordfjord. Hovudmålet med kurset var å få fleire til å våge seg i sving med danseopplæring for born og unge.
Helga 16.-17. november spelte musikarar frå Sogn og Fjordane saman med Kringkastningsorkesteret i Operahuset i Nordfjord. Det er første gang KORK vitja Sogn og Fjordane. Heile 2500 tilhøyrarar fekk med seg konsertane.I samband med arrangementet vart jazz- og verdsmusikar Karl Seglem tildelt Lutt-prisen for 2013.
Arne M. Sølvberg frå Fjelli er tildelt Hilmar Alexandersen musikkpris 2013. Stiftinga Hilmar Alexandersen er saman med Nord-Trøndelag fylkeskommune og Steinkjer kommune både jury og utdelarar av prisen. Prisen som er eit pengebeløp og plakat, vert utdelt fredag 8. nov, under Hilmarfestivalen i Steinkjer.
Gaular spelemannslag er ein av arrangørane for den 25. Viksdalsmarknaden. Laurdag vert det konsert med blant andre "Kringslått", Helen Tyssekvam og Gaular spelemannslag. Søndag vert det gudsteneste med folketonepreg.
Spelemannslaget Fjelljom byr inn til eit døgn med felespel og hallingdans 1. – 2. november. Kurset er meint for born og ungdomar. Instruktørar vert Mari Skeie Ljones og Vidar Underseth. Inga deltakaravgift! Sjå heile innbydinga nedanfor
Sogn og Fjordane folkemusikklaget innbyr til kurs i danseopplæring helga 23.-24. november i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli. Kurset er meint å gje starthjelp for å få fleire til å våge seg til med opplæring i dans, særleg av born og ungdom. Instruktørar vert Asbjørg og Arne M. Sølvberg. Sjølv om den opphavlege påmeldingsfristen er ute, tek vi framleis mot påmeldingar på post (@) folkemusikklaget.no fram til 20. november!
1. november er frist for lokallaga i FolkOrg til å søke om Frifondmidlar. Informasjon om tilskotsordninga og om korleis du søker finn du nedanfor:
Majorstuen, LoMsk, P.A Røstads orkester, Henning Sommero, Elin Grytting og Hanne Oftedal er blant artistane som kan opplevast under Jeremiasfestivalen i Gloppen 15.-17. november.
Marta Lindvik frå Ulvik er tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris for 2013. Prisen er på 10 000kr, og vert kvart år utdelt til ein lovande hardingfeleutøvarar som er 18 år eller yngre. Prisen vart utdelt under tevlingskonserten på Vestlandskappleiken. Vi gratulerer!
Resultatlista frå Vestlandskappleiken er klar! Du finn ho her.
Fjaler kommune er som første kommune i vårt fylke, vertskommune for Folkemusikkveka. Programmet byggjer på fylkesmusikarane, men også andre artistar er inviterte blant anna Folklokk frå Hardanger og Linda Gytri.