
ÅRSMØTE I SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG
Det vert årsmøte i Sogn og Fjordane folkemusikklag søndag 9. mars kl. 1400 på Skei hotell. Innbydinga er lagt ut nedanfor.
Det vert årsmøte i Sogn og Fjordane folkemusikklag søndag 9. mars kl. 1400 på Skei hotell. Innbydinga er lagt ut nedanfor.
"Ein Aftan På Ålhus" laurdag 8. februar tek til med konsert i Ålhus Kyrkje kl.17.00 og fortset med festkveld i Borgja kl.18.30.
Gjennom kvelden vert det song og spel av utøvarar frå både fjern og nær bl.a. Ingrid Heiern, Jon Faukstad, "Kringslått og Etterakst" og Indre Sunnfjord spelemannslag.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag innbyr til kurs i springar frå Søre Sunnmøre 23. februar i Volda. Jorunn Marie Kvernberg vert instruktør på spelkurset og Live Karin Liaskar på dansekurset.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag ønskjer framlegg på kandidatar til Folkemusikkprisen 2014. Folkemusikkprisen delast ut annan kvart år, og skal gå til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort særleg mykje for folkemusikken i fylket vårt.
I 25 år har Førdefestivalen presentert musikk med røter i kulturar frå heile verda. Temaet for Førdefestivalen 2014 vert LOKAL-GLOBAL. Dette illustrerer det festivalen har stått for sidan starten. Meir om årets tema og artistar som er klare så langt på heimesida til Førdefestivalen.
Sogn spel- og dansarlag innbyr til kurs i Sognaspringar med Bjørg og Kjell Berge laurdag 1. februar på Sogndal folkehøgskule.
Naustedalen Spelemannslag fyller 60år no i årsskiftet 2013/14. Dette vert feira med Jubileumsfest i Fosshalla i Naustdal laurdag 18. januar kl.19.00.
Folkemusikkduoen Margit Myhr (23) og Erlend Apneseth (23) er dei fyrste som får Leveld Kunstnartun sitt E-CO-stipend.
Stipendet går til unge, talentfulle kunstnarar på arbeidsopphald i Leveld Kunstnartun. Myhr og Apneseth får begge eit stipend på 8000kr.
FolkJazzScena sitt vårprogram opnar med konsertar med Erlend Apneseth og Nils Økland laurdag 1. februar på Ciderhuset i Balestrand og 2.februar på Eikåsgalleriet i Jølster.
Austrheim musikklag, Gloppen hardingfelelag og Hyen spelemannslag vert i fellesskap arrangørar av Fylkeskappleiken 2014. Kappleikshelga vert 28.-29.mars og kappleiksarena vert Aulaen i Firda vgs på Sandane. Sogn og Fjordane folkemusikklag ønskjer dei lokale arrangørane lukke til med kappleiken og ser fram til FK2014. Meir nytt om fylkeskappleiken vert lagt ut snart!
Det vert hardingfelekonsert med Synnøve S. Bjørset og Erlend Apneseth i Ålhus kyrkje 3. januar kl.2000. På konserten kan du oppleve både fersk improvisasjon og eldgamle tonar.
Jostedal spel- og dansarlag innbyr til kurs i hardingfelespel med Håkon Høgemo helga 4.-5. januar på Jostedal hotell. Alle er velkomne til å starte nyåret med å ta turen til Jostedal og få med seg eit inspirerande hardingfelekurs! Informasjon om påmelding m.m. nedanfor:
Arve Bjørn Røneid frå Luster vart tildelt heidersprisen Vågåfatet 2013 då Vågatreffen vart arrangert for 37. gong. Leiar i Vågå trekkspillklubb Torleif Kvehaugen i Vågå og treffgeneral Arne Stasviken delte ut prisen til Arve Bjørn under konserten laurdag 1.november.