Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Elin Grytting vert tildelt prisen frå leiar i folkemusikklaget Antonia Karete Kongsvik og dagleg leiar Dagrun Hesjevoll. Foto: Antonia Karete Kongsvik

ELIN GRYTTING TILDELT FOLKEMUSIKKPRISEN 2014

Elin Grytting vart under fylkeskappleiken på Sandane tildelt Folkemusikkprisen 2014 frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Les grunngjevinga nedanfor.

Vi gratulerer!

Foto Erlend Apneseth (c) Oddleiv Apneseth, Linda Gytri (c) Jarle H. Moe

GYTRI OG APNESETH TIL NORDIC DAYS I MURMANSK

Linda Gytri og Erlend Apnseth er inviterte til Murmansk for å spele på Nodic Days veka før påske. Det norske generalkonsulatet i Murmansk er arrangør av festivalen, og av andre norske artistar på plakaten finn ein blant andre Erlend Loe og Mari Boine. 

 

Fjelli UL. Foto: Mette Carlsen

FJELLI UL KÅRA TIL "ÅRETS SMØRBUKK"

Dansegruppa frå Fjelli UL vart kåra til "Årets smørbukk" då Smørbukk-kappleiken 2014 vart arrangert i samband med Fylkeskappleik på Sandane. Om lag 60 unge deltakarar frå heile fylket stilte opp med flotte innslag med song, dans og spel.

Berit Opheim (c) Privat. Erlend Apneseth (c) Oddleiv Apneseth

KONSERT MED BERIT OPHEIM OG ERLEND APNESETH

Åmot Operagard innbyr i samarbeid med Gaular spelemannslag til konsert med Berit Opheim og Erlend Apneseth fredag 11. april kl. 1900. Konserten blir eit møte mellom to musikarar som begge er sterke tradisjonsbærarar, men som også er nysgjerrige på andre uttrykk og sjangrar.

Sans for dans II

SANS FOR DANS

NU prosjektet "Sans for dans" er det største dansefilmprosjektet nokon sinne. Dei fem filmane hadde premiere 20. mars på Riksscena. Medverkande i filmane er mellom anna Lina Rebekka Kobberstad frå Hornindal. Filmane ligg ute på NU sin Vimeokanal her.

Vegard Fimland

KONSERT MED ERLEND APNESETH

Det vert konsert med Erlend Apneseth i ungdomshuset "Skogstjerna"i Markane, Stryn tysdag 1. april kl. 1900. Spelemannslaget Fjelljom er arrangør for konserten. På konserten vert det flott tradisjonelt slåttespel på hardingfele og også smakebitar på improvisasjon.

REGELJUSTERING FOR KLASSANE LAGSPEL OG GRUPPESPEL MED KOMP

Fleire lag/grupper har vore i kontakt med Sogn og Fjordane folkemusikklag på grunn av problem med å skaffe seg gitaristar/bassistar til fylkeskappleiken 2014. Situasjonen har i år vorte ekstra vanskeleg på grunn av kollisjonen med DM trekkspel. Styret i Sogn og Fjordane folkemusikklag har derfor bestemt å gjere følgjande justering av regelverket i høve FK2014:

Klassane lagspel runddans og gruppespel rundddans på FK2014:

"Same utøvar får høve til å stille to gongar med det same komp-instrument i kvar av klassane."

Sjur Hesjevoll (c) Odd Helmar Handeland

MINNEKONSERT FOR SJUR HESJEVOLL

Laurdag 22. mars innbyr Jostedal spel- og dansarlag i samarbeid med Folkeakademiet, til konsert og dans i høve at det er 100 år sidan Sjur Hesjevoll vart fødd.

design: Eva Karlsson Foto: Magnus Skrede

SIGRID MOLDESTAD: "BREVET TIL KJÆRLEIKEN"

Fredag 14. februar sleppte Sigrid Moldestad si fjerde soloplate. Utgjevinga har fått tittelen "Brevet til kjærleiken", og er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim som ville fylt 100 år i år. I tidsrommet 16. februar-2.mars er Sigrid på turne i heimfylket. Turneliste finn du nedanfor:

Logo Sparebankstiftinga 560x300

SØK OM MIDLAR FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA

Fristen for å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga våren 2014 er 1. mars. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling. Meir om gåvemidlane og lenke til søknadsskjema her.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG