Sigrid Moldestad kjem på førjulsturne. Ho kallar konserten ”Vintersong” og den vil med det ikkje berre innehalde julerepertoar, men også andre songar og låtar som passar den mørkaste årstida. Med seg på konsertane har ho eit venelag av flotte musikarar: Esbjørn Hazelius (Fele,gitar), Karl Johan Ankarblom (orgel, piano). Lisa Reuter(Cello), Linda Gytri (trekkspel), Anders Bitustøyl,(kontrabass) og Ole Andreas Olafsrud(Trommer). Vintersongturne har ni stopp på Vestlandet. Fullstendig konsertliste er lagt ut nedanfor.
I regi av Sogn og Fjordane kunstmuseum inviterer folkemusikarane Erlend Apneseth, Margit Myhr og Anders Löfberg til julekonsert på Eikaasgalleriet fredag 19.desember kl. 20.00. Konserten tek utgangspunkt i eit utval julesongar og religiøse folketonar frå Hallingdal og vert i tillegg krydra med slåttar og eigne komposisjonar.
På vegne av folkemusikarane Erlend Apneseth og Margit Myhr inviterer Gaular Spelemannslag til ein varm og stemningsfull adventskonsert i Hestad Kapell søndag 14. desember kl. 1800. Publikum vil få høyre eit utval vakre julesongar frå Hallingdal sin rike vokaltradisjon, religiøse folketonar og eigne komposisjonar. Opplev to sterke folkemusikarar som soloartistar og i samspel, og nyt førjulsstemninga!
Dei ti finalistane i kampen om Luttprisen 2014 er klare. Blant finalistane finn vi folkemusikkarane Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad og fjorårsvinnar Karl Seglem. Du kan stemme på din favoritt heilt fram til 8. desember. Luttprisen er NRK Sogn og Fjordane si kåring av årets artist i Sogn og Fjordane. Vinnaren får eit stipend på 25 000kr frå Sparebanken Vest og eit spesialtrykk frå Oddvar Torsheim.
Alvhild Eldal, aktiv og trufast medlem i Gaular Spelemannslag, døydde 23.juli. Mest kjend var ho for arbeidet med å ta vare på og å føre vidare rosemålingstradisjonen på Viksdalen. Men Alvhild var ein allsidig kulturarbeidar og tradisjonsberar og spelte bokstaveleg talt på mange strenger.
I fjor gav Det norske solistkor ut plata "Ròs- Songs of Christmas". Torsdag 4. desember kl. 1930 kjem dei til Førde kyrkje for å halde julekonsert. Koret vert dirigert av Grete Pedersen. Med seg på laget har dei folkemusikarane Berit Opheim, Gjermund Larsen, Bjørn Kjellemyr og Rolf Lislevand. Julekonserten vert arrangert av FolkJazzScena.
Det vert stemningsfull adventskonsert med Margit Myhr og Erlend Apneseth i Jostedal kyrkje fredag 12. desember kl. 1930. Publikum vil blant anna få høyre eit utval av vakre julesongar, religiøse folketonar og eigne komposisjonar
Austrheim musikklag og Austrheim mannskor innbyr til "Ny konsert og gamal dans" laurdag 22. november kl. 20.00 i Hyen samfunnshus. På programmet står i tillegg til arrangørlaga også Stardalen mannskor, Henrik Silferhielm og Hyen spelemannslag. Etter programmet vert det dans ut over natta.
Det nærmar seg den store meisterkonserten i Operaen i Oslo søndag 23. november. I alt 23 noregsmeistrar frå årets Landskappleik og Landsfestival skal opptre under konserten. Frå vårt eige fylke skal både Gro Marie Svidal frå Indre Sunnfjord spelemannslag som vann hardingfele klasse A på Landskappleiken og Britt Pernille Frøholm som vann hardingfele/fele solo senior under Landsfestivalen i aksjon.
Med fellesnemnaren Øyvind Sandum på trekkspel slår dei to folkemusikkduoane Kvernberg/Sandum og Brødrene Sandum seg saman til ein ny trio. Det blir retteleg god musikk å både lytte og danse til når dei spelar opp til konsert og dans på Straumsnes Grendahus torsdag 20. november kl 19.30. Arrangørar er Dalsfjorden spelemannslag og Fure & Våge Songlag.
14.-16. november er det på nytt klart for Jeremiasfestival i Gloppen. Festivalen startar fredag med dans til Firda spelemannslag og Grannelaget på Gloppen hotell. Laurdag er det klart for Gallakonsert med bl.a Jeremiasorkesteret, Asbjørg og Arne Sølvberg, Linda Gytri, Steinar Rygg, Honndalsmusikken, Elin Grytting, Vidar Underseth og Leikny Aasen. P.A. Røstad Orkester spelar opp til dans etter konserten. Søndag vert det kyrkjekonsert i Vereide kyrkje med organist Ivar Kleive og gitarist Knut Reiersrud.
LUX med Unni Løvlid og Håkon Thelin kjem på Vestlandsturne i perioden 30. oktober til 8. november. I vårt eige fylke er det Førde, Stongfjorden, Dale, Sandane og Hornindal som får besøk denne gongen. Oversikt over tid og stad for dei ulike konsertane finn du nedanfor: