Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Bilde Av Viken trio

ERLEND VIKEN TRIO -KONSERT,PUB OG DANS

Gamlebanken Spelemannslag, i samarbeid med Folkjazzscena og Førdefestivalen, inviterer til festkveld fredag 5. september. Staden er Sunnfjordsalen på Rica Sunnfjord Hotell i Førde. Arrangementet startar kl. 1900 med dansekurs medan sjølve konserten startar kl. 2030.

Foto: Erling Moxnes

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS

Styret for Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris ønskjer framlegg til kandidatar. Minneprisen er på kr. 10 000 og skal gå til ein lovande hardingfeleutøvar frå Vestlandet som er i C-klasse alder. Prisen vert delt ut i samband med Vestlandskappleiken i Granvin, 3.-5. oktober 2014.

Heile utlysingsteksten er lagt ut nedanfor.

FRIST for innsending av forslag er 15. september 2014!

Honndalsmusikken

10 ÅRS JUBILEUM FOR HONNDALSMUSIKKEN

Honndalsmusikken innbyr til 10 års jubileum og storkonsert på Låven i Hornindal laurdag 13. september kl.1930. CDen "Bryljaupsafta" som vart sleppt tidlegare i sommar, får sjølvsagt ekstra merksemd. I tillegg til å feire seg sjølv vert det markert at det er 125 år sidan Lars Hjellbakk vart fødd og 100 år sidan Ragnvald Lunde vart fødd.

image026

SØKNAD TIL NORSK KULTURRÅD

Fristen for å søkje arrangørstøtte, prosjektstøtte til musikktiltak, prosjektstøtte til barn og ungdomskultur, støtte frå musikerordninga og støtte til fonograminnspillingar frå Norsk kulturråd er 2. september.

Musikkutstyrsordningen logo 560x300

MUSIKKUTSTYRSORDNINGA

Musikkutstyrsordninga gjev tilskot til: Framføringsutstyr, øvingsutstyr, akustiske tiltak samt bygging og utbetring av øvingslokale og musikkbingar. Meir om ordninga og søknadsskjema her.

Gro Marie Svidal Foto Sigrid Winter

14 folkemusikarar og -dansarar vil representere norsk folketradisjon på den fellesnordiske festivalen og konferansen "Tradition for Tomorrow". på Island 20.-23. august. Sogn og Fjordane er representerte med landskappleikvinnar på hardingfele Gro Marie Svidal, folkesongar Unni Løvlid, trekkspelar Linda Gytri og hardingfelespelar Torunn Raftevold Rue i trioen Glima.

Sogn gammaldansfestival

SOGN GAMMALDANSFESTIVAL 2014

For 15. gong er det klart for Sogn gammaldansfestival i Gaupne. Om lag 20 gammaldansgrupper frå fjern og nær er venta til Gaupne for å bli med på ei helg med musikk, dans og mykje moro. Dei som ønskjer å vere med å spele, kan melde seg på fram til 8. august.

sigrid_moldestad_brevet_til_kjaerleiken 560x300

KONSERTAR MED SIGRID MOLDESTAD

Sigrid Moldestad med band turnerer denne veka i heimfylket. Onsdag 20. august kl. 2000 er det konsert i Aldaheim ungdomshus i Olden, Fuglesteg Fjellgard i Luster får besøk laurdag 23. august kl. 1700 medan Rognaldsvåg i Florø står på programmet søndag 24. august kl. 1300

Foto: Kjell Thue

SPELEMANNSFEST I HYEN

Laurdag 23. august kl. 2000 vert det spelemannsfest i Hyen. Arrangørar er Hyen spelemannslag og Hyen Ungdomslag. Her vert det godt program, god mat og dans ut i dei små timar. På programmet i år står blant anna duoen Fromseier Hockings frå Danmark, Snaustrinda spelemannslag, Naustedalen spelemannslag og sjølvsagt vertslaget Hyen spelmannslag.

Ine Nord. Foto: Jorma Airola

INSPIRASJONSKURS FOR KLARINETTISTAR

10. august vert det inspirasjonskurs for klarinettistar i Molde. Det vil bli fokusere på klarinetten som eit folkemusikkinstrument, både solo og i samspel. Instruktør på kurset vert Ine Nord frå Nordfjordeid. Arrangør er Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Påmelding innan 3. august.

Folkemusikklaget Havbrusen.Foto: Leif Vinsrygg 2012

KONSERT PÅ NEDRE TVEIT

Det vert konsert med Folkemusikklaget Havbrusen og songarane Henriette Hatlevoll og Ellen Marie Tveit på Nedre Tveit i Holmedal tysdag 5. august kl.1900. Arrangementet er ein del av Dalsfjordveka. Arrangørar er Folkeakademiet i Askvoll, Folkemusikklaget Havbrusen og Nedre Tveit.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG