Plateslepp med Per Bolstad sine slåttar
Ålesund Folk Festival opnar konsertserien "Folk i Aalesund" 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» 25. januar kl. 18 på Fabrikken Kulturscene i Ålesund – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud og Arne Sølvberg.
Draumkvedet
Førdefestivalen arrangerer konsertar gjennom heile året, ikkje berre i veke 27. Fyrst ut er Draumkvedet i Førde kyrkje onsdag 14. januar kl. 19.
Glimt frå julebordet til Folkemusikklaget
I helga (5.-6. desember) vart det arrangert julebord for Sogn og Fjordane folkemusikklag, med kurs i spel og dans, lotteri, buskspel, god stemning og ikkje minst god julemat.
Søk bachelor i folkedans
Vil du fordjupe deg i tradisjonsdans, og samstundes utvikle deg som utøvar, formidlar og kulturarbeidar? Søk bachelor i folkedans ved Universitetet i Søraust-Noreg! Søknadsfrist 6. januar
Slik gjekk TØFT 2025
TØFT 2025 har bidrege til at born og unge i heile Sogn og Fjordane har fått opplæring i, og kjennskap til folkemusikk og folkedans. Prosjekta har vorte gjennomført i Hornindal, Skei i Jølster, Viksdalen og på Sandane. Vi ser tilbake på TØFT 2025.
Julebordhelg på Skei
Bli med på Julebordhelg med kurs, konsert, dans og god julemat på Grand hotell Skei 5.-6. desember. Her kan du lese meir info og melde deg på kursa. Vi held open for påmelding til kurs, no når vi veit at vi har nok deltakarar til å halde kursa. Velkomne!
Arne Sølvberg inviterar til ope ungdomshus og 75-årsdag 29. november
Laurdag 29.nov. kl 1814 vert det ope hus med gratiskonsert med duoen Øyvind Lyslo/Arne M. Sølvberg, 75-årsdag til Arne, kaker, allsong og dans i Fjellvarden ungdomshus på Fjelli i Stryn.
Jubileumsfest for Naustedalen spelemannslag 22. november
Naustedalen spelemannslag inviterar til dobbelt jubileum i Fosshalla i Naustdal laurdag 22 november kl 19.00.
Sjå glimt frå Gaular spelemannslag si 50-årsfeiring i helga
Under Viksdalsmarknaden i helga feira Gaular spelemannslag sitt 50 årsjubileum!
Bornas Verdsdag 22. november
Ta med borna dine på Bornas verdsdag i Førde 22. november! Der er mellom anna verkstadar som Folkedans med Ole Nilssen, Toradar med Ingrid Sørheim og Song for dei minste med Kari Malmanger.
Folkemusikkpub på Løa
Anten du kjem for å møte vener, drikke øl, høyre på levande musikk, eller bidra med eit instrument vert det garantert god stemning i Løa i Dale i Sunnfjord 7. november frå kl. 20.
Marknadsfest på Viksdalen med markering av Gaular Spelemannslag sitt 50-årsjubileum
Bli med på Gaular Spelemannslag sitt 50-årsjubileum laurdag 8.november 2025 kl 19.30 på Viksdalen skule/samfunnshus
