
ARKIVSEMINAR
Musikkarkivet ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane inviterer til arkivseminar i samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag.
Musikkarkivet ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane inviterer til arkivseminar i samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag.
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde laurdag 10. oktober.
Sjå resultata frå Vestlandskappleiken 2015 her!
Startlistene for Vestlandskappleiken er klare!
I 2016 feirar Landsfestivalen i gammaldansmusikk 30 år, og blir for første gong arrangert i Sogn. Festivalleiar Synnøve S. Bjørset har to ønskje til alle spelemenn og dansarar i fylket: - Meld dykk på tevlingane og meld dykk som frivillige medarbeidarar!
Velkomne til Vestlandskappleik 9.-11. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Indre Sunnfjord Spelemannslag er vertskap, og ser fram til å ta imot spelemenn, songarar og dansarar frå heile Vestlandet til venskapleg kappestrid og lystig samvære heile helga til endes. PÅMELDINGSFRIST 30. SEPTEMBER
Rått spel og gnistrande musikalitet kjenneteiknar dei to markante Setesdal-spelemennene som får æra av å pangstarte Vestlandskappleiken 2015! Dei har med seg både hardingfele, fele og munnharpe—og ikkje minst arven etter legendariske Torleiv H. Bjørgum.
- Det er veldig stort at Naustedalen Spelemannslag får denne prisen, fortel ein strålande blid leiar, Rigmor Bjørkedal, etter prisutdelinga laurdag.
MAAR med Britt Pernille Frøholm reiser på Epleslang-turné - med flunkande ny plate!
Austrheim Musikklag til Bardøla Høyfjellshotell på dansehelg 2.-4. oktober 2015
Etter ein særs vellukka startfestival i fjor, har Spelemannslaget Fjelljom gleda av å innby til ny festival fredag 23. og laurdag 24. oktober 2015.
Dei profilerte folkemusikarsystrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er mellom trekkplastera på Jeremias-festivalen. For fjerde gong skal Jeremias-festivalen, oppkalla etter folkemusikaren Jeremias Henden, gå av stabelen på Sandane. Arrangøren lokkar med fleire sterke namn.
Vindfylla Spelemannslag er vertskap for Fylkeskappleiken 2016 i Kjølsdalen