Påmeldinga til Sogn og Fjordane-kappleiken 2026 er opna. Påmeldingsfrist er 1. mars. Merk at no er det krav om å danse to runddansar på klassa lagdans runddans!
På grunn av teknisk feil i betalingssystemet, vert påmeldingsfristen utsett til 2. mars.
Vil du vere med til Vågå? Hardingfelelaget øvar 2-3 gongar på Jølster samfunnshus på Skei ila våren. (Det er òg lov med trekkspel) Meld din interesse til oss på post@folkemusikklaget.no
15. mars kl. 11, altså søndagen etter Sogn og Fjordane-kappleiken på Grand Hotel Skei vert det Årsmøte i Folkemusikklaget. Det vart sendt ut innkalling med saksliste og vedlegg 17. feb på epost til medlem. Er du medlem og ikkje har motteke dette, ber vi om at du sender ein epost til post@folkemusikklaget.no
Få med deg ein av Irland sine fremste felespelarar, saman med den geniforklarte bluegras-gitaristen Magnus Wiik tysdag 10. februar kl. 20 på Eldalstunet i Viksdalen!
Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- og dansarlag ynskjer med dette velkomne til Sogn og Fjordane-kappleiken 2026 som skjer 13.-14. mars på Grand Hotel Skei.
Opplev slåttearven etter storspelemannen Leif Rygg og drivande slåttespel frå Voss og Hardanger med Steinar Rygg, Ludo og Indre Sunnfjord Spelemannslag fredag 30. januar 2026 kl. 20:00 23:00 i Førdehuset. Om du kjem kl. 19 kan du verer med på krasjkurs òg!
Ålesund Folk Festival opnar konsertserien "Folk i Aalesund" 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» 25. januar kl. 18 på Fabrikken Kulturscene i Ålesund – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud og Arne Sølvberg.