TØFT-kurs i spel på fele og hardingfele søndag 26.april 2026 for deg som er mellom 9 og 20 år i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli, arrangert av Spelemannslaget Fjelljom vart utsatt til seinare på sommaren. Arrangør kjem tilbake med tidspunkt.
Sogn og Fjordane folkemusikklag sende 20. april inn eit høyringssvar på rapporten "Evaluering av regionale effektar av distriktsmusikarordninga" laga av Telemarksforskning.
Hardingfela.no inviterer til den første av ein serie danseseminar. Dansedriv skal løfte fram ulike tradisjonsdansar frå Vestlandet gjennom praktisk dans, arkivfilmar og dansespel. Første samling vil handle om rull.
Er du ein instruktør innan folkemusikk og folkedans, eller ynskjer du å prøve å instruere? Har du tradisjonskunnskaper du ynskjer å vidareformidle? Vil du vere med å bidra til at den levande folkemusikken og folkedansen består?
Sogn og Fjordane folkemusikklag ynskjer å kartlegge instruktørressursane innan folkemusikk og folkedans i Sogn og Fjordane. Vil du vere med på laget, så fyll gjerne ut skjemaet her.
18. april kl. 19:30 vert det konserforedrag om spelemannen og kulturarbeidaren Jon Aske med Ove Eide og Austreim musikklag. Etterpå spelar Austreim og Grannelaget til dans!