Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Foto: Leif Vinsrygg

GRATIS LYNKURS I JØLSTRASPRINGAR

Torsdag 3. juli vert det gratis lynkurs i Jølstraspringar med Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide. Her kan du kome utan verken pengar eller partnar berre du har danselyst og dansesko. Bli med og lær nokre grunnleggande dansesteg og vendingar i den populære Jølstraspringaren!  Det vert gode høve til å nytte dansen på dansegolvet seinare under Førdefestivalen.

Jorunn Marie Kvernberg

KURS I SPRINGAR FRÅ SØRE SUNNMØRE

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag innbyr til kurs i springar frå Søre Sunnmøre 23. februar i Volda. Jorunn Marie Kvernberg vert instruktør på spelkurset og Live Karin Liaskar på dansekurset.
 

Håkon Høgemo (c) Synnøve Bjørset

KURS MED HÅKON HØGEMO

Jostedal spel- og dansarlag innbyr til kurs i hardingfelespel med Håkon Høgemo helga 4.-5. januar på Jostedal hotell. Alle er velkomne til å starte nyåret med å ta turen til Jostedal og få med seg eit inspirerande hardingfelekurs! Informasjon om påmelding m.m. nedanfor:

Deltakarar og instruktørar på kurs i danseopplæring. Ingunn Skjerdal, Hallgrim Skjerdal, Solgunn Haugen, Oddbjørn Skjerdal, Tove Kristin Sølvberg, Arne M. Sølvberg, Elling Sølvberg og Asbjørg Sølvberg

VELLUKKA KURS I DANSEOPPLÆRING

Kurs i danseopplæring vart vellukka gjennomført på Fjelli i helga. Asbjørg og Arne M. Sølvberg var instruktørar for seks ivrige deltakarar frå Sogn og Nordfjord. Hovudmålet med kurset var å få fleire til å våge seg i sving med danseopplæring for born og unge.

No events to display
SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG