Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Sjur Hesjevoll (c) Odd Helmar Handeland

MINNEKONSERT FOR SJUR HESJEVOLL

Laurdag 22. mars innbyr Jostedal spel- og dansarlag i samarbeid med Folkeakademiet, til konsert og dans i høve at det er 100 år sidan Sjur Hesjevoll vart fødd.

design: Eva Karlsson Foto: Magnus Skrede

SIGRID MOLDESTAD: "BREVET TIL KJÆRLEIKEN"

Fredag 14. februar sleppte Sigrid Moldestad si fjerde soloplate. Utgjevinga har fått tittelen "Brevet til kjærleiken", og er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim som ville fylt 100 år i år. I tidsrommet 16. februar-2.mars er Sigrid på turne i heimfylket. Turneliste finn du nedanfor:

Logo Sparebankstiftinga 560x300

SØK OM MIDLAR FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA

Fristen for å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga våren 2014 er 1. mars. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling. Meir om gåvemidlane og lenke til søknadsskjema her.

Kringslått og Etterakst

EN AFTAN PÅ ÅLHUS

"Ein Aftan På Ålhus" laurdag 8. februar tek til med konsert i Ålhus Kyrkje kl.17.00 og fortset med festkveld i Borgja kl.18.30.
Gjennom kvelden vert det song og spel av utøvarar frå både fjern og nær bl.a. Ingrid Heiern, Jon Faukstad, "Kringslått og Etterakst" og Indre Sunnfjord spelemannslag.

Jorunn Marie Kvernberg

KURS I SPRINGAR FRÅ SØRE SUNNMØRE

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag innbyr til kurs i springar frå Søre Sunnmøre 23. februar i Volda. Jorunn Marie Kvernberg vert instruktør på spelkurset og Live Karin Liaskar på dansekurset.
 

utrop

FOLKEMUSIKKPRISEN 2014

Sogn og Fjordane Folkemusikklag ønskjer framlegg på kandidatar til Folkemusikkprisen 2014. Folkemusikkprisen delast ut annan kvart år, og skal gå til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort særleg mykje for folkemusikken i fylket vårt.

 

Bjørg og Kjell Berge

KURS I SOGNASPRINGAR

Sogn spel- og dansarlag innbyr til kurs i Sognaspringar med Bjørg og Kjell Berge laurdag 1. februar på Sogndal folkehøgskule.

Erlend Apneseth og Margit Myhr

E-CO STIPEND TIL ERLEND APNESETH OG MARGIT MYHR

Folkemusikkduoen Margit Myhr (23) og Erlend Apneseth (23) er dei fyrste som får Leveld Kunstnartun sitt E-CO-stipend.
Stipendet går til unge, talentfulle kunstnarar på arbeidsopphald i Leveld Kunstnartun. Myhr og Apneseth får begge eit stipend på 8000kr.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG