


FUREPRISEN OG 3.PLASS I A-KLASSA TIL ERLEND APNESETH!
Erlend Apneseth frå Indre Sunnfjord spelemannslag vart under avslutninga av Landskappleiken på Røros tildelt Fureprisen på 50 000kr. Fureprisen går til ein deltakar på Landskappleiken under 25 år uansett klasse. Erlend spelte seg også til finalen i hardingfele klasse A og kom på ein flott tredjeplass.
MATHILDE SKJÆRET NR 2 i HARDINGFELE KLASSE C
Mathilde Skjæret frå Jostedal spel- og dansarlag kom på ein flott andreplass med 95 poeng i hardingfele klasse C under Landskappleiken på Røros.
Gruppevinnarane av LF2012 til Førde
Førdefestivalen og FolkOrg har inngått eit nytt samarbeid for å fremje dansemusikken.Vinnarane av gruppespel på LF vil heretter få engasjement på Førdefestivalen året etter. Alt i år er fjorårsvinnarane i gruppespel FERD (tidlegare Aleksandersen) på plass i Førde. Meir på heimesida til Førdefestivalen!

Fylkesmusikerordninga
Sogn og Fjordane fylkeskommmune si vidare satsing på folkemusikk skal opp til behandling i hovudutvalet for kultur tysdag 19. juni. Her er det blant anna lagt opp til endringar i fylkesmusikarordninga som i framtida skal knytast nærare opp mot samarbeid med kommunene. Vi oppmodar alle om å lese innstillinga og jobbe opp mot si kommune!
Fylkesmusikerordninga.pdf

Konsert og folkemusikkpub med Britt Elise Skram og Werner Barth
Fredagsklubben i Utvik inviterer 8. juni til konsert og folkemusikkpub i Utvik med Britt Elise Skram, gruppa Werner Barth og fleire lokale utøvarar.
Tevlingsprogram på LK
Oppdatert tevlingsprogram og startlister er lagt ut på heimesida til Landskappleiken. I løpet av fem dagar skal 1350 deltakarar fordelt på 427 startnummer skal i aksjon under LK på Røros. Også mange frå vårt fylket. For oppdaterte nyhende frå LK2013 følg med på nettsida.

EGIL STORBEKKENS MUSIKKPRIS 2013
Fristen for å føreslå kandidatar til Egil Storbekkens musikkpris går ut 15. mai. Pris er for dei som har gjort ein særskilt innsats for folkemusikken og då spesielt dei eldre folkemusikkinstrumenta. Meir om prisen finn du her.

Sjokoladekappleik på LK
Dei som ikkje var gamle nok til å melde seg på i dei ordinære tevlingane under LK 2013 på Røros, kan delta på Sjokoladekappleik fredag 28. juni på Eldresenteret. For å melde deg på send ein epost til sjokolade@lk2013.no. Det vert også høve til å melde seg på hjå kappleikskontoret seinast torsdag.

KURS OG KONSERT MED FRØHOLM OG TILLUNG
Hornindal spelemannslag og Halkjelsvika spelemannslag inviterer helga 24.-25.mai til kurs og konsert med Britt Pernille Frøholm (fele) og Irene Tillung (trekkspel) på Låven i Hornindal.
INSTRUKTØRAR 2013
Mokurset 2013 byr på nokre av dei fremste aktørane innan norsk folkemusikk. Gå inn og les om årets instruktørar!

Naustedalen spelemannslag ein av dei nominerte!
Naustedalen spelemannslag er ein av dei nominerte til Årets lokallag 2013! Meir om Naustedalen og grunngjevinga for nominasjonen finn du her. Dei to andre laga som er nominerte er Hardanger Spelemannslag og Eiker spelemannslag.

Fylkeskappleiken 2013
Synnøve Bjørset (foto) vann spel fele/hardingfele klasse A på Fylkeskappleiken 2013. Med det sikra ho seg også vandrepremien i spel til odel og eige. I dans vann Leikny Aasen og Vidar Underseth A-klassa og tok sitt andre napp i vandrepremiane her. Kari Malmanger tok sitt første napp i vandrepremien i song.
Komplett resultatliste for Fylkeskappleiken Sogn og Fjordane 2013.pdf