
Tradisjonskurs: Å verte ein betre dommar
Sogn og Fjordane folkemusikklag innbyr til tradisjonskurs helga 21.-22. februar på Skei.
Sogn og Fjordane folkemusikklag innbyr til tradisjonskurs helga 21.-22. februar på Skei.
Jostedal spel- og dansarlag er arrangør av Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane 2015. Kappleikshelga vert 20.-21. mars. Klart for påmelding!
Som eit prøveprosjekt vert Distriktsmeisterskapen i trekkspel lagt inn i kappleiken.
Sogn og Fjordane folkemusikklag innbyr til Smørbukk-kappleiken 2015 i Jostedal Samfunnshus 21. mars kl. 1300. Også i år er Smørbukk-kappleiken samlokalisert med Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane.
Laurdag 7.februar arrangerar John Oddvar Kandal "Ein aftan på Ålhus" i Borgja. Festen startar kl.19.00, med musikk til kaffien. Deretter ein mjuk overgang til dans frå musikk til Fjellklang Spelemannslag (bilete) og andre. Slik som John Oddvar ville sagt det; "Som alle kjenner til, held vi på tradisjonane i vårt miljø, eller prøvar å bygge nye. Ved å arrangere slike festar held ein vedlike den gode "dans på lokalet"-kulturen, ein arena som ofte har rekruttert nye til spel- og dansemiljøet."
Søknadsfristen for KOMP 2015 er 10.februar. KOMP er ei støtteordning for kortare kurs, opplæringsprosjekt og andre kompetansehevande tiltak innan rock, jazz, folkemusikk, verdsmusikk m.m. Online søknadsskjema
For utdeling av prisen for årets lokallag i 2015, ynskjer FolkOrg å leggje vekt på «formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå». Framlegg på årets lokallag skal sendast til FolkOrg på e-post marit@folkemusikk.no innan 7.mars.
Nordbygda spel- og dansarlag inviterar inn til kurs i rørospols.
Det vert årsmøte i Sogn og Fjordane folkemusikklag søndag 22. februar kl. 1500 på Skei hotell. Sidan møtet er midt på dagen, startar vi med ein middagsrett kl. 1400. Fristen for å melde inn saker de ønskjer fremja på årsmøtet er fem veker før møtet dvs. 18. januar. Sakliste vert sendt ut innan 1. februar. Alle lokallag har rett på to utsendingar med stemmerett. Alle medlemer har møte- og talerett.
Innkalling: Årsmøteinnkalling.pdf
Det er framleis nokre ledige plassar på Mokurset. Dersom du er interessert, så
skund deg å meld deg på! Då har du ein sjanse om å få bli med. Påmeldingsskjemaet finn du her. Velkomne til Mokurset!
Styret i FolkOrg har vedteke at arrangørane av Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2016, vert Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken spelemannslag, med Gaupne i Luster som arrangørstad.
Voss Spelemannslag skipar til helgesamling på Voss med fokus på slåttar av og etter Lars Skjervheim
Den planlagde jubileumsfesten for Petter Eide laurdag 7. februar må dessverre avlysast på grunn av helsa til Petter. Dette gjeld både dansen i aulaen og programmet på museet. Petter vil takke alle som har engasjert seg og alle som hadde lyst å komme og feire han, men han ønskjer helst å ikkje få noko merksemd på dagen slik formen er no.
Sigrid Moldestads «Brevet til kjærleiken» er kåra til årets album 2014 av «Under lupen» i Norsk på norsk. Albumet var det einaste som fekk toppkarakter seks gjennom radioprogrammet sine mange plateanmeldingar i løpet av 2014.
Vi gratulerer!